Rosendal Kammermusikkfestival 2024

Foto: Liv Øvland

Om Rosendal Kammermusikkfestival

«Ein festival som er intim og rikhaldig, idyllisk og djup»

Bayerische Rundfunk

Rosendal Kammermusikkfestival vart grunnlagt i 2016 av pianist og kunstnarisk leiar Leif Ove Andsnes. Kvar sommar inviterer han musikarar og føredragshaldarar til ei musikalsk langhelg i Rosendal. Baroniet Rosendal ligg vakkert til mellom fjell, fossar og fjord, og skapar perfekte omgjevnader for ein intenst kammermusikkoppleving som trekk publikum frå alle verdsdelar.

Foto: Liv Øvland

Med inntil ti konsertar i løpet av fire dagar utforskar kvar festival eit eige tema, ein komponist eller ein periode. Føredrag og samtalar gir i tillegg innsikt i periodens musikk- og kunstliv.

«Ei av gledene ved å skape eit festivalprogram, er at eg kan gå i djupna på ein utvalt del av ein komponist sitt liv og musikk», seier Leif Ove Andsnes. «I 2016, til den første Rosendal Kammermusikkfestival, sette vi søkelyset på 1828 – Franz Schuberts dødsår. Same år skreiv komponisten nokon av sine mest gripande verk».

«Til den andre festivalen satt eg saman eit program som kretsa rundt ein av mine andre store lidenskapar – Wolfgang Amadeus Mozart sin kammermusikk. Til tross for all den vidunderlege kammermusikken Mozart skreiv, vert berre nokon få stykker jevnleg framført på festivalar. Difor ville eg gjere 2017 til ein intens Mozart-feiring, for å vise det ekstraordinære mangfaldet i musikken hans».

Dei neste åra har vi løfta fram så ulike tema som den gripande musikkarva komponert «I skyggen av en krig 1914-1918» (2018), «Sjostakovitsj’ liv og tid» (2019), den nasjonale identiteten i musikken til Dvořák og hans samtidige i «Fra mitt hjemland» (2021) og Ludvig van Beethovens ufattelege indre verden (2022).

Foto: Liv Øvland

Musikalske vener frå heile verda

«Ideen om ein intimfestival som strekker seg over ei langhelg vaks fram som følge av min kjærlighet til Baroniet Rosendal», seier Leif Ove Andsnes, som har vore fast gjest på Baroniet og opptredd der i 30 år. «Dette er ein heilt spesiell stad, og musikk har vore ein del av det kulturelle livet på Baroniet i generasjonar. Det er utruleg at kunstnarar og musikarar har kome hit i over tre hundre år, og blant dei antakeleg våre bergenske musikklegender Edvard Grieg og Ole Bull.»

Foto: Liv Øvland

 

I dag inviterer Leif Ove Andsnes musikarvener frå heile verda, som alle tar turen innover fjorden til Rosendal for å opptre saman. Blant dei internasjonale kunstnarane som har opptredd på festivalen, er pianistane Kristian Bezuidenhout, Bertrand Chamyou, Kirill Gerstein, Marc-André Hamelin, Vikingur Ólafsson og Francesco Piemontesi, i tillegg til Vilde Frang, Alina Ibragimova og Christian Tetzlaff (fiolin), Tabea Zimmermann (bratsj), Sol Gabetta, Clemens Hagen, Steven Isserliss og Christian Poltéra (cello), Sharon Kam og Martin Fröst (klarinett), Anna Prohaska og Dorothea Röschmann (sopran), Anne Sofie von Otter (Mezzo-sopran, Andrei Bondarenko og Matthias Goerne (Baryton).

Foto: Liv Øvland

Baroniet Rosendal

Historia til Rosendal går tilbake til 1650-talet, då adelsmannen Ludvig Rosenkrantz kom til Bergen som krigskommissær for kong Fredrik III av Danmark-Noreg. I Bergen møtte han Karen Mowat, einearving til landets største formue på den tida. Dei gifta seg i 1658 og fekk adelssetet Hatteberg i bryllaupsgåve. Her bygde dei seg ein heim, og kalla det Rosendal. Det vesle steinslottet stod ferdig i 1665, omgitt av ein vakker renessansehage. Slottet var administrasjonssenter for godset, som omfatta 500 gardar. I 1678 ga kong Kristian V av Danmark-Noreg godset status som Norges einaste baroni. Eigedomen var i privat eige fram til 1927, då den siste eigaren donerte det til Universitetet i Oslo. I dag er Baroniet Rosendal museum, og gir verdifull innsikt i ein viktig periode i norsk historie.

Foto: Liv Øvland

Konsertsalene

Nokon konsertar finn stad i salane på Rosendal Slott, men den viktigaste konsertsalen under Rosendal Kammermusikkfestival er Riddersalen, ein ombygd låve med plass til eit publikum på meir enn 400. Det vert og heldt konsertar i Kvinnherad kyrkje. Den kvitkalka steinkyrkja frå 1250 ligg vakkert til på ein høgde med utsikt til fjorden.

«Ein rikhaldig og verdifull kammermusikkfestival, takket vere nivået på utøverane og djupna i dei tematiske programma.»
La Repubblica

«Den fire dagar lange opplevinga av denne musikkfestivalen er ubeskriveleg. Med det vidunderlege landskapet som bakteppet forsterkast opplevinga av djup konsentrasjon rundt festivalens tema, og av det høge nivået på framføringane.»

 Asia Music Weekly


Tidligere Rosendal Kammermusikkfestivaler

Samarbeidspartnar

Rosendal Kammermusikkfestival vil takke Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen for betydeleg økonomisk støtte, som gjer det mogleg å realisere festivalen sine ambisiøse kunstnariske mål.