Rosendal Kammermusikkfestival 2020

Kvar kan vi overnatta?

Overnatting i og nær Rosendal

Pakkar med overnatting
Inkludert festivalbilletter

Vi har prøvd å gjera det lettast mogeleg for deg å planleggja ei fin festivaloppleving. Vi har difor bestilt alle ledige rom på Rosendal Fjordhotel, Rosendal Turisthotell og Husnes Hotell denne helga, og laga pakkar som inkluderer overnatting på desse hotella.

Festivalpakkane inneheld:

- billettar til alle arrangement innanfor din tidsperiode (heile festivalen eller enkeltdøgn)
- festivalprogram
- kunstkatalog
- gratis inngang til Slottet frå 1665
- gratis inngang til kunstutstillinga
- gratis inngang til Rosendal Have
- overnatting med frukost og middag på:

  - Rosendal Fjordhotell (med bad på rommet)
- Bad på rommet
- 2-retters middag
- Frokostbuffet

- Rosendal Turisthotell
- Delt bad på gangen
- 3-retters middag
- Frokostbuffet

- Husnes Hotell
- Bad på rommet
- 3-retters middag på Rosendal Turisthotell (1,0 km fra Baroniet Rosendal)
- Frokost

Døgnpakkar med middag på kvelden og overnatting med frukost

For deg som ønskjer eit litt kortare opphald har vi delt opp dei store festivalpakkane i enkeltdøgn som går:
- torsdag frå kl. 20:00 til fredag kl. 18:30
- fredag frå kl. 15:00 til lørdag kl. 15:40
- lørdag frå kl. 16:45 til søndag kl. 18:00

Alle arrangement innanfor dette tidsrommet er inkludert i pakken, sjå programmet for detaljar.

ALLE PAKKAR BLIR LAGT UT FOR SALG HER ONSDAG 22. JANUAR KL. 18:00.


Reisa til Rosendal

Båt

Bergen - Flesland - Os - Rosendal
2 timar frå Bergen, 1,5 timar frå Bergen Airport Flesland

Den raskaste og mest behagelege måten å reisa til Rosendal på er med Hardangerfjordekspressen mellom Bergen/Flesland/Os og Rosendal.
Shuttlebus kjører frå Flesland ca 10 min. før rutetida for båten på Flesland. Båten stoppar også på Flesland på vegen tilbake til Bergen, alltid med tilbod om busstransport frå kaien til flyplassen.
2019:

Avgangar Bergen: 08.50 og 16.30 mandag-fredag. 11.00 og 18.45 lørdag-søndag.

Avgangar Flesland (buss til Flesland kai): 09.05 og 16.45 mandag-fredag. 11.15 og 19.00 lørdag-søndag.

Avgangar Os: 09.50 og 17.30 mandag-fredag. 12.00 og 19.45 lørdag-søndag.

Avgangar Rosendal-Os/Flesland/Bergen: 06.50 and 14.25 mandag-fredag. 09.00 og 16.35 lørdag-søndag.

Billettar: www.rodne.no

Buss

Buss frå Bergen til Rosendal
Kvar dag

Behagelig og grei transport mellom Bergen og Rosendal. Bussen stoppar på Nesttun, bybane vidare til Flesland.
Tips til retur søndag: Buss Rosendal - Bergen søndag 11. august kl. 18.50, ank. Bergen 21.50
Sjå www.skyss.no


Bil

Bergen – Rosendal (120 km / 2 t 25 min)
+ ferje Gjermundshavn – Årsnes

Oslo – Rosendal (408 km / 6 t 29 min)
ingen ferjer

Haugesund – Rosendal (114 km / 2 t 41 min)
+ ferje Skjersholmane – Ranavik

Stavanger – Rosendal (171 km / 4 t 7 min)
+ ferje Mortavika – Arsvågen og ferje Skjersholmane – Ranavik

Kristiansand – Rosendal (379 km / 5 t 57 min)
ingen ferjer

Baroniet Rosendal

Postboks 235
5486 Rosendal
Rosendal
Norway