Baroniet Rosendal – slottet fra 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall
Baroniet Rosendal er eit unikt nasjonalt kulturminne som ligg i naturskjønne Rosendal i Kvinnherad kommune. Baroniet Rosendal består av slott og 19 andre freda bygningar, konsertsal, overnattingsverksemd og kafédrift, 350 mål freda hage- og jordbrukslandskap, sauehold og 12.000 mål skog og utmark.
I tillegg til kulturminneforvaltning og museumsverksemd driv Baroniet Rosendal utstrekt kulturformidling og samarbeider med nokon av Noregs mest anerkjente artistar, musikarar, kunstnarar og kulturpersonar. Baroniet har 15 faste tilsette, ca. 60 sesongarbeidarar og omset for 35 millionar kroner per år og har rundt 60.000 besøkande årleg.
Baroniet Rosendal søkjer økonomi- og rekneskapsansvarleg som vil trivast i ei variert, sjølvstendig og meiningsfull stilling ved ein unik norsk kulturskatt. Stillinga inngår i Baroniet si leiargruppe og rapporterer til direktør.
Tiltreding snarast mogleg etter avtale.
Søknaden skal innehalda søknadsbrev, CV og eventuelle andre vedlegg.
Les meir om Baroniet her: www.baroniet.no
Årsrapportar m.m.: https://www.baroniet.no/om-stiftelsen/
Søknadsfrist: 22.mars
til anna.lena.flatland@baroniet.no
Ved spørsmål kan ein ta kontakt med direktør Anna Lena Flatland, 93802586