Slottet frå 1665 mellom fjord, fjell, fonn og fossefall

Hjem Restaurantar

Restaurantar

Baroniet Rosendal byr på kaffi og kaker i Tesalongen på slottet, varme og kalde lunsjretter i Rosendal Hagekafé og treretters middagar i Ridderstuen på Avlsgården. Menyane er basert på sesongens råvarer frå kjøken- og urtehagen i Rosendal Have. Vi samarbeider med lokale produsenter som leverer kortreiste råvarer og produkt.

Rosendal Hagekafé & Butikk

Hagekaféen byr på deilig lunsj med friske råvarer frå kjøken- og urtehagen, samt utvalde lokale produsentar frå Rosendalsområdet.

Ein kan sitja innandørs i Hagekaféen, under glastak i drivhuset med utsikt mot Slottet frå 1665 med Malmangernuten i bakgrunnen, eller ute i sola når vêret er fint. Friske råvarer fra kjøken- og urtehagen vert hausta dagleg gjennom heile sesongen, og pregar menyane i Rosendal Hagekafé.

NB! Ingen bordreservasjon, med unntak av grupper over 12 personer som førehandsbestiller meny.

 

Restauranten på Avlsgården

For dei som ynskjer ei meir høgtideleg matoppleving, inviterer Baroniet til 3- rettars middag på Avlsgården. Menyen er basert på sesongens råvarer frå kjøken- og urtehagen i Rosendal Hage. Vi samarbeider med lokale produsentar som leverer kortreiste råvarer og produkt.  Her får du ein smak av eleganse og noko ekte, forankra i naturen rundt. Frå 2. mai vil restauranten servera middag kvar fredag og laurdag klokka 19.00. Frå og med 22. juni er det ope dagleg.  Ynskjer du å bestille bord, ta kontakt på mail: info@baroniet.no

Gamlakjøkenet

Gamlakjøkenet er tenarfløyen på Slottet frå 1665. I Gamlakjøkenet kan du nyta lappar og kaffi med tente lys på langbord og fyr på grua.

Tesalongen (Havestuen)

I hovudhuset finn du Tesalongen (Havestuen) – eit elegant rom fylt av historie og atmosfære. Tesalongen gir ein liten smakebit av livet på godset slik det ein gong var – stilla, smaken og nærleiken til naturen.Her serverast kaffi, te og heimebakte kaker i herskapelege omgjevnader, perfekt for ein roleg pause etter ei omvising eller ei vandring i hagen.