Overnatting
Overnatting med frukost på Hotell Avlsgården Baroniet Rosendal. Enkel, men komfortabel overnattingsstad med 24 rom og 40 senger fordelt på Avlsgården og Fruehuset frå mai til september. Velkommen! Baroniet Rosendal Avslgård & Fruehus er gamle og sjarmerande bygg, med trapper til alle rom. Det er derfor dessverre ikkje egna handikaprom tilgjengeleg hos oss.

Rosendal Avlsgård
Hotell Avlsgården Baroniet Rosendal
Book overnatting her
Bestill rommet ditt enkelt og trygt via vårt bookingsystem
Eller kontakt oss på info@baroniet.no
Overnatting med frukost i romantiske omgjevnader. Enkle, komfortable og sjarmerande rom i originale hus frå 1800-talet. Rosendal Avlsgård har 9 dobbeltrom og 5 enkeltrom, og Fruehuset har 6 dobbeltrom og 2 enkeltrom. Annekset til Fruehuset har eitt dobbeltrom kor ein kan bu med hund.
- Frukost i Storakjøkenet på Avlsgården med levande ljos og fyr på grua
- Alle rom er røykfrie
- Dei aller fleste romma har vask, medan felles dusj og toalett er på gangen. Huset er eit autentisk gardshus frå ca 1850, så det kan vera litt lytt.
- Innsjekking i resepsjonen på Avlsgården frå kl. 16.00-20.00
- Ein kan bestilla rom i sesong, mellom 1. mai og 13. september.
- Grupper på min. 15 personar, kan kontakta oss for overnatting/ møte/konferanse utanom sesong
Fruehuset
Fruehuset ligg på den andre sida av jordet, nede ved elva. Same type rom som på Avlsgården i autentisk 1800-talshus, med romantisk innreiing og delt dusj og toalett på gangen. Her er ein koseleg og solrik liten hage framfor huset, skjerma frå trafikken.
Frukost er i Storakjøkenet på Avlsgården, ein fin, liten spasertur langs elva. Gje gjerne beskjed når du bestiller kvar du helst vil bu.

Frukost i Storakjøkenet
Frukost blir servert ved bålet i grua i Storakjøkenet på Rosendal Avlsgård. Enkelt utval, med vekt på autentisk, kortreist og heimelaga mat.

Prisar 2026
| Dobbeltrom med frukost | kr. 2500,- |
| Enkeltrom med frukost | kr. 1800,- |
| Ekstraseng for barn inntil 12 år med frukost | kr. 500,- |
| Middag på Gården | kr 870,- |
Kontakt oss
Har du spørsmål om overnatting eller vil du bestille for ei gruppe?
Kontakt oss på: info@baroniet.no eller ring +47 401 81 176
Vi har lav bemanning på kontoret, og svarar så snart vi kan!
Kurs og konferanse

Det er fleire moglegheiter for seminar på Avlsgården. Ta gjerne kontakt på info@baroniet.no for meir informasjon.
.
Gåvekort
Ønskjer du å gje bort gåvekort på opphald på Rosendal? Sjå kulturprogrammet for kombinasjonsbillettar med overnatting, 3-retters middag og kulturarrangement dersom du ynskjer ein spesiell dato eller eit spesielt arrangement.
Du kan også kjøpa gåvekort for overnatting og servering her som ikkje er låst til ein bestemt dato, konsertbillettar med middag Ridderstuen er tilgjengeleg under kvart enkelt arrangement, sjå kulturkalenderen.
- Gåvekorta er gyldige heile sesongen, og kan brukast til å betale for pakkar som gavekortet gjelder.
- Det er ikkje middagsservering alle dagar, og nokre dagar kan middagen vera flytta til Hagecaféen i samband med kulturarrangement.
Bestill gåvekort lettvint og trygt her
Gåvekort overnatting med frukost, middag og konsert
- NB: rom og konsert må bestillast via nettsida til TicketCo. Benytt referansekoden som står i mailen om gavekortet når du skal betale for pakken.
- Eitt dobbeltrom = 2 personar med frukost. Gje beskjed dersom du ynskjer ekstra seng.
- Oppgje antal billetter og en epostadresse som billett(ane) kan sendast til
- Betal trygt med VISA eller MasterCard
- Inga ekstra billettavgift!

Historikk Rosendal Avlsgård
Stamherre til Rosendal Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone (1823-1896) oppretta i 1850- åra Rosendal Avlsgard som eit mønsterbruk for sau og hest. Drifta fikk stor betydning for jordbruksreisinga og avlsarbeidet i distriktet. I 1875 vart «Rosendal Høiere Almue Skule» etablert. Undervisinga vart finansiert av Stamherren, som sjølv underviste i framande språk, historie, fysikk og geografi.
Fruehuset vart bygd rundt 1860 til presteenka Karen Unger og døtrene Pauline, Bolette og Nanna. Nanna vart seinare gift med Hans E. Kinck, medan dei tre einslege kvinnene vart buande der under Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrones vern til sin død. Huset fekk etterkvart namnet Fruehuset etter enkefru Karen Unger. Marcus Gerhard og søskena fikk eit spesielt forhold til sokneprest Elias B. Unger på Malmanger prestegard, og prestedottera Kathinka vart Marcus Gerhard sin store kjærleik i livet. Dessverre døydde Kathinka i 1853, berre 18 år gammal. Etter at Kathinka døydde fann ikkje Marcus Gerhard kjærleiken på ny.
Du kan lesa meir om Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone sitt store livsverk i Rosendal i jubileumsboka frå 1996: Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone 1823-1896, Baroniet Rosendal.

