Fjordcruisepakke frå Bergen og Os alle dagar som Baroniet Rosendal er ope. Her får du gode grupperabattar på både båtturen t/r, entré med omvising og varm 2-rettars lunsj i Rosendal Drivhus.
Opplev den flotte turen sjøvegen frå Bergen / Os til Rosendal med fjord, fjell og fossefall!
Taxi: I Rosendal er det ein 1,5 km spasertur opp til Slottet (ingen guide her). Dersom du ynskjer taxi kan du venda deg til mannskapet på båten eller ringja 917 81 000 til Rosendal Taxi.
Overnatting
Billetten har open retur i 14 dagar. Turen kan enkelt utvidast med overnatting i Rosendal! Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus har rom med frukost i romantiske omgjevnader. Ta kontakt på [email protected] for booking, eller ring oss på 53 48 29 99. Rutetabell for båten finn du her.
Pakketilbod: her får du gode grupperabattar på alt!
Kun forhåndssalg her og på turistinformasjonen i Bergen. Pakken kan ikkje kjøpast direkte på båten eller i Rosendal.
Fjordcruisegjester har prioritert inngang på omvising og reservert bord med rask, køfri matbestilling til lunsj følgjande tider:
Lunsjmeny: Laksetallerken med ulike typar lokal laks frå Hjønnevåg, bakte småpoteter og frisk salat frå hagen. Rabarbrakake med rabarbra frå eigen hage til dessert med kaffi/te. Legg inn informasjon ved bestilling dersom du har allergiar eller behov for ein alternativ meny.
Vaksen kr. 910,-
Honnør kr. 810,-
Barn 4-15 år kr. 510,-
Avreise Bergen kl 08.50 (bus frå Flesland til båten kl. 09.05) – ankomst Rosendal kl. 10.45
Avreise Rosendal kl. 14.25 (ankomst Flesland kai kl. 15.55, ankomst flyplassen ca. 7 minutes seinare) – ankomst Bergen kl. 16.20
Avreise Bergen kl 11.00 (bus frå Flesland til båten kl. 11.15) – ankomst Rosendal kl. 12.55
Avreise Rosendal kl. 16.35 (ankomst Flesland kai kl. 18.00, ankomst flyplassen ca. 7 minutes seinare) – ankomst Bergen kl. 18.25
Vaksen kr. 810,-
Honnør kr. 710,-
Barn 4-15 år kr. 460,-
Avreise Os kl 09.50* – ankomst Rosendal 10.45
(* NB: bestill båt seinast 30 min før avgang på 98 24 15 30 for påstigning på Os!)
Avreise Rosendal 14.25 – ankomst Os kl. 15.15
Avreise Os kl 12.00 – ankomst Rosendal 12.55
Avreise Rosendal 16.35 – ankomst Os kl. 17.23
Kjøp et gåvekort på valfritt antal Fjordcruisepakkar inkl. tur/retur Bergen eller Os, entré til Slott og Have med omvising og 2-rettars varm lunsj til valfri dato (gyldig heile 2016-sesongen):
Gåvekort på Fjordcruisepakken til Rosendal frå Bergen får du her
Gåvekort på Fjordcruisepakken til Rosendal frå Os får du her
Ver vennleg å gje beskjed kva dato de ynskjer å bruka gåvekortet på ved å senda epost til [email protected] på førehand, eller ring 53 48 29 99 (legg evt. att beskjed på svarar).
Denne pakkeprisen er bygd opp av gruppeprisar på alle delelement frå både Rødne Fjord Cruise og Baroniet Rosendal, slik at ein får gruppepris på alt uansett størrelse på gruppa. Vi kan dessverre ikkje akseptera papir-vouchers for individuelle gjester. Klikk her for å finne billetter: https://baroniet.ticketco.events/no/nb, og velg turoperatørbilletten (færre enn 15 personar). Kontakt [email protected] for faktura på grupper på min. 15 personar. Då får gruppa også med ein gratis guide frå dykk i gruppa.
Dersom du treng bilde til marknadsføringsføremål finn du ein del her.