Rosendal Kammermusikkfestival 2024

Rosendal Kammermusikkfestival 7.-11. august 2024

Rosendal Kammermusikkfestival 7.-11. august 2024
Onsdag 7. - Søndag 11. august 2024

 

 

Mellom fjord, fjell og fonn ligg Baroniet Rosendal, det vesle 1600-talsslottet som har lokka reisande til å ta turen over Hardangerfjorden i meir enn 300 år. Baroniet er i dag ramma rundt Rosendal Kammermusikkfestival, grunnlagt av pianist og kunstnarleg leiar Leif Ove Andsnes i 2016. I år presenterer Andsnes sitt mest ambisiøse program så langt, og kan ønska meir enn 60 artistar velkommen til ein «liten, men stor, festival i vill norsk natur» (El Pais).

 

 

Tittel og tema for 2024-utgåva av festivalen er henta frå Bela Bartóks Kontrastar. Det er utgangspunktet for ei fem dagar lang utforsking av ungarsk musikk, med verk av mellom andre Liszt, Kodaly og Kúrtag. Ein direkte kontrast er musikken til Johann Sebastian Bach, som òg er sentral i festivalen. Under leiing av Grete Pedersen blir det to framføringar av Johannespasjonen ved Det Norske Solistkor og eit barokkorkester sett saman for anledninga, og fleire konsertprogram utforskar verdslege verk og kammermusikk av Bach.

Foto: Liv Øvland
Onsdag 7. - Søndag 11. august 2024

 

 

Andre artistar som kjem til festivalen er Zlata Chochieva og Nikita Khnykin (piano), Masato Suzuki (cembalo), Vilde Frang og Florian Donderer (fiolin), Antoine Tamestit (bratsj), Tanja Teztlaff (cello), Christian Henriksen (kontrabass), Quatour Agate (strykekvartett), Aleksander Aga Røynstrand (hardingfele), Wenzel Fuchs (klarinett), Ragnhild Lothe (horn), Benedikt Kristjánsson (tenor) og Ruth Wilhelmine Meyer (vokalkunstnar og komponist).

Foto: Liv Øvland

Dette seier Leif Ove Andsnes om 2024-programmet: «Ideen til KONTRASTAR vaks ut av festivalen sist sommar. Då markerte me at det var 100 år sidan Ligeti blei fødd, og me feira Brahms, som har så mange ungarske drag i musikken sin. Det kjennest naturleg å fortsetja utforskinga i år, ikkje minst fordi ungarsk musikkhistorie er så uvanleg mektig. Få andre land har fostra eit like breitt spekter av musikalske personlegdommar som alle på spektakulært vis har integrert forteljinga om heimlandet i verka sine. Dette er særleg slåande når me veit kor store utfordringar mange av desse komponistane møtte på som ein konsekvens av det politiske spelet i tida dei levde i. Liva og samtida deira er reflektert i musikken – både i virtuositeten og i det ekstremt uttrykksfulle.»


«Som ein absolutt kontrast til det ungarske vil me æra Johann Sebastian Bach. Eg har lenge hatt lyst til å invitera Det Norske Solistkor til Rosendal, og i år har me det perfekte høvet til å feira at det er 300 år sidan 
Johannespasjonen blei framført første gong, eit meisterverk like mektig dramatisk og rørande i dag som i 1724. Når me tar Johannespasjonen til Rosendal, så langt unna den politiske verdsscena, med slottet bygd like før Bach blei fødd, får me ro og rom til å lytta og reflektera, i sympati med menneske som lir i krig og konflikt.»

Rosendal Kammermusikkfestival vil takke Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen for betydelig økonomisk støtte, som gjør det mulig å realisere festivalens ambisiøse kunstneriske mål.


Samarbeidspartnar

Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen

Rosendal Kammermusikkfestival vil takke Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen for betydelig økonomisk støtte, som gjør det mulig å realisere festivalens ambisiøse kunstneriske mål.