Rosendal Kammermusikkfestival 2019

Send oss en melding

Kontaktskjema

Kontakt oss


FAQ

Vi har prøvd å gjera det lettast mogeleg for deg å planleggja ei fin festivaloppleving. Vi har difor bestilt alle rom på hotella i bygda denne helga, og laga pakkar som inkluderer overnatting på Rosendal Fjordhotel og Rosendal Turisthotell. Vi har også leigd inn eit hotellskip for ekstra rom sentralt i bygda, og kan i år tilby lugarar med bad på rommet ombord på veteranskipet MS Sunnhordland. Båten vil liggja midt i Rosendal sentrum, like ved Rosendal Turisthotell.

Festivalpakkane inneheld:

  • billettar til alle arrangement
  • festivalprogram
  • gratis inngang til Slottet frå 1665
  • gratis inngang til kunstutstillinga
  • gratis inngang til Rosendal Have
  • overnatting med frukost og middag på Rosendal Fjordhotel (med bad på rommet), Rosendal Turisthotell (med delt, men fint, bad på gangen) eller veteranskipet MS Sunnhordland (med bad på rommet).
  • – Ein god 3-rettars middag der du bur. MS Sunnhordland byr på sin store buffet inkl. dessertbord.

Du kan få velja enten tidleg eller sein middag slik at det passar inn før eller etter kveldskonserten. Snakk med overnattingsstaden om når du vil ha middag.

Store festivalpakkar med overnatting og halvpensjon

Alt du treng for ei komplett festivaloppleving i Rosendal frå torsdag til søndag!

Merk: pakkane for 2 personar inneheld 2 billettar til alle arrangement, middag for 2 og eit dobbeltrom med frukost, slik at du treng berre velja den overnattingsstaden du ønskjer og kjøpa 1 pakke, så har du alt du treng.

Døgnpakkar

For deg som ønskjer eit litt kortare opphald har vi delt opp dei store festivalpakkane i enkeltdøgn som går:
– torsdag frå kl. 16.00 til fredag kl. 16.00
– fredag frå kl. 19.30 til lørdag kl. 16.00 (startar med middag før foredrag og konsert)
– lørdag frå kl. 16.00 til søndag kl. 18.00 .

Alle arrangement innanfor dette tidsrommet er inkludert i pakken, sjå programmet for detaljar.

Merk: pakkane for 2 personar inneheld 2 billettar til alle arrangement innanfor  di tidsramme, middag for 2 om kvelden og eit dobbeltrom med frukost. Du treng dermed berre velja den overnattingsstaden du ønskjer, den dagen du vil koma, og kjøpa 1 pakke. Då har du alt du treng for to personar.

Oversikt over overnattingsstader og konsertsalar

Sjå googlekart over overnattingsstader og konsertsalar her

  • oppgje antal billettar og ei epostadresse som billett(ane) kan sendast til (+ evt. SMS-nummer)
  • betal trygt med VISA eller MasterCard
  • skriv ut billett(ane) heime, få dei tilsendt på SMS (kr. 3,-) eller oppgje epostadressa du kjøpte billettane på i døra. Vi har deg uansett på lista, så det er ikkje nødvendig å ta med billetten.

Dersom arrangementet er utselt kan du senda oss ein epost og melda deg på venteliste. Ventelistene vert gått gjennom før evt. restbillettar vert lagt ut for sal. Selde billettar vert ikkje refunderte.

Slik sjekkar du om billettane er i orden:

Tast inn kun dei 6 første og 4 siste siffera i kredittkortnummeret ditt her.

Dersom ditt billettkjøp ikkje visest her har du ikkje billettar, og kortet ditt er ikkje belasta. Prøv på nytt, eller ta kontakt oss for hjelp. Dersom ditt kort er belasta er også billettane i orden. Oppgje epostadressa di i døra, så får du billettane av oss dersom du ikkje skulle ha fått dei på oppgitt epostadresse.
Få oversikt med eBillett-appen, berre legg til Baroniet Rosendal i lista!

Enkelte bankar har lagt inn ekstra sikring på netthandel. Dei krever då at du loggar deg på nettbanken for å godkjenna kjøpet. Ta kontakt dersom du får problem med å gjennomføra kjøpet, så kan vi tasta inn kortnummeret på butikkterminalen i staden og laga billettane manuelt hos oss. Då har vi billettane klare til deg i døra. Dersom du har feil datoinnstilling på maskina di kan du få feilmelding om at sertifikatet har utgått på dato. Berre gå vidare.

Det  siste som skjer i betalingsprosessen er belasting av konto. Dersom du ikkje har fått billettar kan du vera trygg på at du heller ikkje har fått belasta din konto. Berre prøv igjen.

Dersom du t.d. har kjøpt billettar til feil dato og vil byta, eller ønskjer å oppgradera billetten til å inkludera middag og ev. overnatting, kan vi ordna dette. Ta kontakt med oss på info@baroniet.no så hjelper vi deg.

Eventuelle feilmeldingar angåande billettane vert motteke med takk på tlf. 99 31 51 95.

Vi har laga ulike typar opplevingspakkar som inkluderer middag og evt. overnatting:

  • Konsert
  • Konsert og middag i Hagecafé & Drivhus i Kjøken- & Urtehagen (før eller etter arrangementet). God, lokal mat.
  • Konsert og 3-retters slottsmiddag i Havestuen på Slottet frå 1665 ca. 15 minuttar etter konserten.
  • Konsert, 3-retters slottsmiddag i Havestuen på Slottet frå 1665 ca. 15 minuttar etter konserten, og overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (dei fleste romma har vask, medan delt dusj og toalett er på gangen).

Dersom ein billettype er utseld kan det framleis vera ledige billettar på andre. Sjå oversikt.

Bordsetting til Slottsmiddag i Havestuen og overnatting på Avlsgården
Vi reknar billettar kjøpt på same epostadresse som ei gruppe som skal sitja i lag i Havestuen og evt. bu i lag. Send oss gjerne ein epost til info@baroniet.no om antal enkeltrom og dobbeltrom. Det same gjeld dersom de har bestilt middag til ulike epostadresser.

Rosendal Kammermusikkfestival – pakkar med overnatting

Vi har gjort jobben for deg: Vi har laga ferdige pakkar med konsertar, foredrag, overnatting med frukost og middag slik at du kan sikra deg alt du treng på ein gong. Berre vel enkeltromspakke (for 1 person) eller dobbeltromspakke (for 2 personar), og du har alt du treng:

  • alle konsertar (ingen plassbillettar)
  • alle foredrag (ingen plassbillettar)
  • gratis inngang til Rosendal Have, omvising på Slottet og kunstutstilling under heile opphaldet.
  • festivalprogram
  • overnatting der du ønskjer i Rosendal (berre velg pakken knytta til rett stad)
  • frukost
  • 3-rettars middag (eller ein stor buffet med dessertbord)

Desse lettvinte pakkane finst både som døgnpakkar og som store festivalpass for heile festivalen.

Meld deg på epostliste

Få nyheiter og informasjon om Rosendal Kammermusikkfestival.