Rosendal Kammermusikkfestival 2024

Christian Henriksen

Biografi

Christian Henriksen er fødd i Fredrikstad i 1979. Han vaks opp i ein musikalsk familie, og har dei musikalske røtene sine i jazz, pop, rock og folkemusikk. Som barn og ungdom spelte han piano, tuba og el-bass. Kontrabass blei hovudinstrumentet då bestefaren hans importerte ein finerkontrabass frå Kina slik at barnebarnet kunne få seg ein «ordentleg jobb». Dei viktigaste lærarane hans var Tor Ivar Andreassen, Knut Guettler, Dan Styffe og Janne Saksala.
Christian har allsidig erfaring frå mellom anna Rundfunk Sinfonieorchester Berlin, Deutsche Oper Berlin, Deutsche Sinfonieorchester Berlin, Det Norske Kammerorkester og BIT20 Ensemble. Frå 2007 er han solokontrabassist i Operaorkesteret ved Den Norske Opera & Ballett, og frå 2023 ein del av musikarkollektivet i Det Norske Kammerorkester.
Les meir

Festival forestillinger i 2024

Franz Schubert: Gesang der Geister über den Wassern, D.714
Det Norske Solistkor (mannsstemmer), Grete Pedersen (dirigent), Antoine Tamestit, Raphaël Pagnon (bratsj), Victor Julien-Laferrière, Simon Iachemet (celloer), Christian Henriksen (kontrabass)

Béla Bartók: Strykekvartett nr. 6 i d-moll, Sz. 114
Quatuor Agate

PAUSE

Wolfgang Amadeus Mozart: Klarinettkvintett, K. 581
Wenzel Fuchs (klarinett), Quatuor Agate