Rosendal Kammermusikkfestival 2024

Rachel Beckles Willson

Biografi

Rachel Beckles Willson er professor i Intercultural Performing Arts ved Academy of Creative and Performing Arts ved Universitetet i Leiden og Codarts University of the Arts i Rotterdam. Ho er ein prisvinnande forskar som har skrive bøker om eit vidt spenn av musikalske tema, frå Ungarn under den kalde krigen til det historiske og samtidige Palestina (Ligeti, Kurtág and Hungarian Music during the Cold War [Cambridge 2007] og Orientalism and Musical Mission [Cambridge 2013]). Den nyaste boka hennar er The Oud: An Illustrated History (Interlink 2023).

Rachel var opphavleg utdanna konsertpianist, mellom anna frå Franz Liszt-akademiet i Budapest i 1992–95. Som aktiv konsertpianist opptredde og kringkasta ho breitt, og samarbeidde med framståande personlegdomar innan samtidsmusikken, frå György Kurtág til Jane Manning og Apartment House. Som oud-spelar har ho vore aktiv på verdsmusikkscena, og som aktivist har ho saman med unge asylsøkarar co-produsert ein CD med dei opphavlege songane deira (www.todayisgood.org). I dag driv ho mest med komposisjon, og interesserer seg særleg for eksperimentelle former for audiovisuell historieforteljing og lydinstallasjonar.

Les meir

Festival forestillinger i 2024

Foredrag om ungarsk musikk (på engelsk)
Rachel Beckles Willson