Rosendal Kammermusikkfestival 2024

Quator Agate

Biografi

Quatuor Agate blei stifta i 2016, og har namnet sitt frå eitt av verdas vakraste kammermusikkverk, Johannes Brahms sin andre sekstett, tileigna hans andre kjærleik, Agathe von Siebold. Sju år seinare, i februar 2024, materialiserte Brahms-fascinasjonen seg i kvartetten sitt debutalbum med dei komplette strykekvartettane, gitt ut på plateselskapet Appassionato Records.

Nokre veker etter at kvartetten starta opp, la dei ut på sitt første eventyr då dei grunnla festivalen CorsiClassic, ei årleg hending i Ajaccio på Korsika. Målet med festivalen er å gjera kammermusikk tilgjengeleg for eit mangfald av publikumsgrupper.

Quatuor Agate har i fleire år utmerka seg ved internasjonale konkurransar og festivalar, inkludert prisen for beste samtidstolking ved BANFF internasjonale strykekvartettkonkurranse i 2022, publikumsprisen ved Steels-Wilsing-konkurransen i 2020 og Verbier-festivalen i 2019. Quatuor Agate nådde ein viktig milepæl i 2021 då dei vann det prestisjetunge prøvespelet til Young Classical Artists Trust (YCAT) i London.

Eit av høgdepunkta i 2023 var utnemninga til ECHO Rising Stars, med påfølgande turné til kjente europeiske konsertsalar i sesongen 2024/25.

Frå 2021 til 2023 debuterte kvartetten på ei rekke berømte scenar, i Wigmore Hall i London, Concertgebouw Amsterdam, Alte Oper Frankfurt, Prinzregententheater i München, Konzerthaus Berlin, Konzerthaus Dortmund, TauberPhilharmonie i Weikersheim og Brucknerhaus Linz. Dei deltok òg på festivalar, mellom anna Verbier-festivalen, Festival de Salon-de-Provence, Festival de Radio France, Britten-Pears Arts i Aldeburgh, Mecklenburg-Vorpommern Festival og Lammermuir Festival i Skottland.

I 2023/24-sesongen turnerer Quatuor Agate internasjonalt. Dei held konsertar i Storbritannia, Colombia og Hawaii, debuterer i Philharmonie de Paris, Heidelberger Frühling, og skal tilbake til Wigmore Hall, Lammermuir Festival og Leverkusen stART Festival.

Kvartetten samarbeider jamleg med velrenommerte musikarar og ensemble, inkludert Emmanuel Pahud, Enrico Pace, Éric Le Sage, Frank Braley, Alexander Sitkovetsky, Marc Danel, Gabriel Le Magadure, Pierre Fouchenneret, Kronoskvartetten, Quatuor Ebène, Quatuor Modigliani og Jerusalemkvartetten.

I april 2024 lanserer kvartetten ei innspeling med Frank Braley og Gabriel Le Magadure av Concert de Chausson, utgitt på plateselskapet Appassionato Records. Dei har òg spelt inn eit album med den amerikanske tenoren Eric Ferring i Chicago, utgitt på Delos hausten 2023.

Kvartetten er artist-in-residence ved Fondation Singer Polignac, Grand Resident hos ProQuartet i Paris, og Associate Artist ved La Brèche Festival.

Quatuor Agate er støtta av Günther-Caspar Stiftung og Fondation Banque Populaire. Kvartetten har studert ved Hochschule für Musik Hanns Eisler Berlin med Eberhard Feltz, i Paris under av Mathieu Herzog, og med Quatuor Ebène ved Hochschule für Musik München.
Adrien Jurkovic spelar på ein fiolin tilskriven Giuseppe Giovanni Guarneri, sjenerøst utlånt av Dr. Hauber.

Les meir

Festival forestillinger i 2024

11.00 2. Konsert i Riddersalen

Zoltán Kodály: Duo for fiolin og cello, op. 7
Florian Donderer (fiolin), Tanja Tetzlaff (cello)

Erzsébet Szőnyi: Fem preludier
Nikita Khnykin (piano)

Franz Liszt: Ungarisk rapsodi nr. 12 i ciss-moll, S.244/12
Nikita Khnykin (piano)

György Ligeti: Strykerkvartett nr. 1 "Métamorphoses nocturnes"
Quatuor Agate

Franz Schubert: Gesang der Geister über den Wassern, D.714
Det Norske Solistkor (mannsstemmer), Grete Pedersen (dirigent), Antoine Tamestit, Raphaël Pagnon (bratsj), Tanja Tetzlaff, Simon Iachemet (celloer), Christian Henriksen (kontrabass)

Béla Bartók: Strykekvartett nr. 6 i d-moll, Sz. 114
Quatuor Agate

PAUSE

Wolfgang Amadeus Mozart: Klarinettkvintett, K. 581
Wenzel Fuchs (klarinett), Quatuor Agate