Ruth Wilhelmine Meyer er ein særeigen stemmekunstnar, multivokalist og komponist som utforskar instrumentet sitt for å skapa musikk gjennom vokale klangfargar med ulike uttrykksspekter og valørar. Musikken hennar frir seg frå sjangrar, og er filtrert gjennom mange stiluttrykk frå klassisk song, utvalde etniske tradisjonar inkludert strupesong, norsk folkemusikk, multifonikk og rein støymusikk. Stemma hennar spenner nesten sju oktavar, frå 32 til 2800 Hz, og takk vere utrykket sitt har ho blitt henta til konsertar, sceneproduksjonar, filmmusikk, lydinstallasjonar og innspelingar over heile verda.
Med sitt multiekspressive vokalutrykk skapar Meyer lydverder frå det realistiske til det urealistiske, det venta og det uventa, og lyden blir forteljaren. Ho samarbeider med instrumentalistar og songarar over heile verda, frå ulike sjangrar og kulturar. Ho er vokalsolist i World Orchestra Warsaw, leia av Grzech Piotrowski. Andre viktige samarbeidspartnarar er jazzpianisten Helge Lien og organist og komponist Nils Henrik Asheim.
Steffen Schorn skreiv operaen Camille Claudel – An Inner Opera for stemma hennar. Operaen blei urframført på Bayrischer Rundfunk i november 2022, og innspelinga blir utgitt i 2024. På den nyaste innspelinga hennar, One Voices, internasjonalt lansert av Simax 8. mars 2024, er musikken skapt av ei enkelt uprosessert multippel stemme, og inneheld fleire orkestrerte vokallandskap som skyv grensene for kva som er mogeleg å uttrykka med ei stemme.
I 2023 hadde Lokeslottet verdspremiere i Universitetets Aula, eit tingingsverk for Det Norske Solistkor. Meyer fekk Statens tiårige arbeidsstipend i 2020, og blei medlem av NOPA. Dei siste åra har ho komponert verk for musikarar og ensemble, som bestillingsverket Haugebonden til Telemarkfestivalen sitt 30-årsjubileum i 2019.
I 2019 fekk Meyer TONO sin Edvard-pris Klangbiotoper, og ho blei medlem av Norsk Komponistforening. I 2014–16 hadde ho Statens treårige kunstnarstipend, og ho har tidlegare mottatt ymse andre stipend.
Meyer er utdanna ved Mozarteum, Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Salzburg i 1992, og er cand.philol. frå Griegakademiet i 1994.
Ruth Wilhelmine Meyer har ei lang karriere som stemmecoach og dirigent, og held ettertrakta seminar internasjonalt. Ho er universitetslektor ved Akademi for scenekunst, og underviser ved Ole Bull Akademiet.
Les meir