The Manor House from 1665 between fjord, glacier, mountains and waterfalls

Home Events

Events 2025

På leiting etter Lul Krag – Filmpremiere og musikkinnslag

13.06.25 18.00

Sytti år etter at kunstmalaren Lul Krag (1878-1956) forlet Rosendal, står natur- og kulturlandskapet høgt på den internasjonale dagsorden. Lul var født på Kongsberg og fekk utdanninga si i Oslo, London og Paris, men henta inspirasjon frå austens filosofi og landskapet i Rosendal.
Kven var så denne omtykte men sky kunstnaren, som skapte sin heilt særeigne kunst i Rosendal, og kva er det ho prøver å fortelja oss? Denne filmen er ei reise gjennom livet til Lul Krag, tankane hennar, kunsten ho skapte og arven etter henne. 

Historisk seminar – Kvinnene på Rosendal

14.06.25 12.30

Bli med på ei spennande reise gjennom historia laurdag 14. juni, når Baroniet Rosendal inviterer til ein innhaldsrik dag med temaet Kvinnene på Rosendal. Her får du høyra om sterke kvinner som har sett sitt preg på historia, fortalt av leiande ekspertar på feltet.

Ein kveld med Karoline og Sigvart

04.07.25 19.00 - 05.07.25 20.30

Det beste av alt dei har gjort kvar for seg - og saman - samt eit godt dryss av både Stavanger- og Bergenshumor.

Elle melle

11.07.25 19.00, Riddersalen

elle melle består av Odd Erik Ognedal, Svein Hyttebakk og Jon Konrad Strøm. Dei fleste vil kjenna att låtar som Frokost På Kafe, Ikkje Vekk Meg Når Du Går, På Denne Tiå Her I Fjor, Du Sko Vært Her Nå, Ser Du Då At Eg E Din, og ikke minst klassikaren Himmelhøge Sti.

Trygve Skaug, singer/songwriter

12.07.25 19:00, Riddersalen

Skaug er både musikar og ein av Noregs mestselgjande poetar, med tekstar som vert delt vidt og bredt.
Våren 2025 opnar Trygve Skaug att nok ein gong hjartet sitt for verda med albumet «Ikke Slipp».
Tittelsporet har allereie funne vegen ut i lyset, og Trygve held fram med si trufaste rytme – to album i året, som ein puls og i takt med tida

Ketil Bjørnstad – klaver

13.07.25 19.00, Den Røde Sal

Bjørnstad kjem med ny solo piano-plate våren 2025, albumet har namnet « Evening Song.»
Som Ketil Bjørnstad sjølv seier; Solo-konsertane har alltid vore grunnlaget for min musikalske karriere.
Dei markerer byrjinga og slutten. Aleine med flygelet oppstår det ei særeigen og nær kontakt med publikum som påverkar dei musikalske valga undervegs.

Jonas Alaska med band

17.07.25 19.00, Riddersalen

Jonas Alaska er ein av sin generasjon sine sterkaste låtskrivarar her i landet, og står bak minneverdige låtar som «October», «If Only as a Ghost», «In The Backseat» og «Morning Light». Han var trippel Spellemannominert for sitt debutalbum, og har sidan den gong sleppt fem album som alle har fått strålande mottaking, både i og utanfor Norge.

Eva Weel Skram

18.07.25 19.00, Riddersalen

Med songar som «Om du vil», «Selmas sang» og nyleg «Vendepunkt» har Eva Weel Skram vorte ein av våre mest folkekjære artistar. Skram sitt tredje norskspråklege album, Vendepunkt, har fått flotte omtalar.

Bjørn Eidsvåg med band

21.07.25 19.00 - 22.07.25 20.30, Riddersalen

Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkhistorie, og er ein artist svært mange av oss har eit sterkt forhold til. I 2024 fylte han 70 år, og vart overraska i Oslo Spektrum av 5000 vener, kollegaer og fans med overraskingskonserten «Ingen vei tilbake» som vart sendt på NRK1. Vi gler oss til han kjem attende til Rosendal.

Øystein Greni

23.07.25 19:00 - 23.07.25 20:30, The Great Hall

Øystein Greni is coming to Rosendal with his Bigbang solo project. In the wake of Bigbang's new album Le Californie and between two busy festival summers, Øystein Greni is scaling things back a bit with a solo acoustic format of Bigbang. After a long career as a bandleader and songwriter, Greni boasts a back catalogue like few others, filled with songs and guitar riffs that will live on forever in Norwegian music history. On this evening, you’ll have the chance to experience many of Bigbang’s classics in the Riddersalen, performed up close and acoustically.

Kari Bremnes duo

24.07.25 19.00, Riddersalen

Kari har dei siste åra stort sett halde konsertar med heile bandet sitt. Men innimellom held ho nokre få, eksklusive konsertar i duoformat med Bengt Hanssen på tangentar. Han er òg produsent for Karis utgjevingar.

"I duoen ønskjer vi å ivareta mykje av det dynamiske spennet i musikken, sjølv om vi berre er to på scena," seier Kari. Ved hjelp av eit ganske omfattande keyboardoppsett gjev vi publikum ei større lydverda enn i eit klassisk duoformat. Det trur vi både songane og konsertane har godt av.

I tillegg til Kari og Bengt er lydmann Geir Østensjø ein sentral medmusikant i besetninga.

På desse konsertane vil publikum få høyre eit breitt utval av songar frå heile katalogen hennar.

Ingebjørg Bratland

25.07.25 19.00, Riddersalen

Ingebjørg har mest av alt blitt kjent for å tolka eigne og andre sine songar på sin eigen unike måte. Låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg», «Ljos», «Stjernene» (med Lars Vaular), «Vintersong», «Bror», «Di Ingebjørg» har gjeve ho ein plass i den norske folkesjela.

Thomas Dybdahl

26.07.25 19.00, Riddersalen

Thomas Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelige album befesta si posisjon som ein av Noregs store artistar og låtskrivarar.
Vi ser han på «Hver gang vi møtes» , i sommar kan du høyre han live på Baroniet Rosendal.

Vamp

01.08.25 19.00 - 02.08.25 20.30, Riddersalen

Vamp har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har truffe den norske folkesjela.
I august 2025 kjem dei tilbake til Baroniet Rosendal for nye store musikalske opplevingar i Riddersalen.

Much Ado About Nothing

29.08.25 19.00, Borggården

MYKJE STÅK FOR INGENTING – Shakespeares tittel er like vittig og djupsindig som sjølve stykket han skildrar. Kven oppfører seg ikkje som ein narr når dei er forelska, og samtidig lir den største smerta? Denne gnistrande komedien verkar lett som ei fjør heilt til ho brått stuper ned og avdekkjer kjærleikens mørkare sider: svik, sjalusi og sjølve døden overveldar lettelege ordspel, og tragedien trugar. Då skiftar Shakespeare gir og slepp inn klovnane: ein herleg gjeng med udugelege politifolk reddar dagen. Slik sig kjærleiken til slutt med hjelp av bedrag.

Framsyninga vert presentert av TNT Theatre Britain og ADG Europe, som har blitt omtala som “den beste turnerande teatergruppa i verda” (China National TV, 2009).