Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Hjem Kulturprogram Karina Opdal

Karina Opdal

EKSTRAKONSERT kl. 17.00
"Marlene, Marilyn & me"
Ein cabaret komponert av dei legendariske stjernene Marlene Dietrich og Marylin Monroe sine mange songar om kjærleiken og alle dens fasettar. Høgt heng dei, glitrande var dei, og mangt hadde dei å seia om både "das Leben und die Liebe....life and love."

I fjor sommar hadde Karina Opdal gleden av å setta opp "En kjærlig hilsen" i anledning jubileumsåret til Baroniet. I år vil ho sjølv opptre i Den Røde Sal med somme av dei skattane som er att etter Dietrich og Monroe. Med jazzpianisten Alex Hutton frå London ved tangentane, ligg det til rette for ei inderleg og forførande avslutning på sesongen - i stjernene si eiga ånd.

kr. 290,- 26. august kl. 17.00 Konsert Utsolgt
kr. 290,- 26. august kl. 19.30 Konsert Utsolgt
kr. 880,- 26. august kl. 19.30 Konsert og 3-retters Slottsmiddag i Havestuen (ca. 15 min. etter konserten) Utsolgt
kr. 1370,- 26. august kl. 19.30 Konsert, 3-retters Slottsmiddag i Havestuen (ca. 15 min. etter konserten) og overnatting med frukost på Gård & Fruehus. Utsolgt

Slik gjer du:

 

For Riddersalen:

  • Velg billettype
  • Velg om du vil sitte på galleriet eller parketten
  • Klikk på dei sitteplassane du ønsker, og spesifiser kva type billett dei er.
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark.

 

For Borggården:

  • Velg billettype og antal
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark.

 

Dersom arrangementet er utselt kan du senda oss ein epost til [email protected] og melda deg på venteliste. Ventelistene vert gått gjennom før evt. restbillettar vert lagt ut for sal. Selde billettar vert ikkje refunderte.