Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Hjem Kulturprogram Kristin Lavransdatter Konsert

Kristin Lavransdatter Konsert

Songar frå den utselde forestillinga på Den Nationale Scene.
Med Herborg Kråkevik, Hans Marius Hoff Mittet, Ragnhild Gudbrandsen og musikarar frå teateroppsetjinga.

kr. 490,-/450,- med årskort/BT 27. juli kl. 19.30 Konsert Kjøp billett
kr. 990,- 27. juli kl. 19.30 Konsert og 2-retters middag i Drivhuset (god, lokal mat) kl. 17.00 Utsolgt
kr. 1090,- 27. juli kl. 19.30 Konsert og 3-retters Slottsmiddag i Havestuen (ca. 15 min. etter konserten) Utsolgt
kr. 1090,- 27. juli kl. 19.30 Konsert og 3-retters Slottsmiddag i Gamlakjøkenet (ca. 15 min. etter konserten) Kjøp billett
kr. 1690,- 27. juli kl. 19.30 Konsert, 3-retters Slottsmiddag i Havestuen (ca. 15 min. etter konserten) og overnatting med frukost på Gård & Fruehus. Utsolgt

Songar frå den utselde forestillinga på Den Nationale Scene.

Med Herborg Kråkevik, Hans Marius Hoff Mittet, Ragnhild Gudbrandsen og musikarar frå teateroppsetjinga.

Slik gjer du:

  • oppgje antal billettar og ei epostadresse som billett(ane) kan sendast til (+ evt. SMS-nummer)
  • betal trygt med VISA eller MasterCard
  • skriv ut billett(ane) heime, få dei tilsendt på SMS (kr. 3,-) eller oppgje epostadressa du kjøpte billettane på i døra

Dersom arrangementet er utselt kan du senda oss ein epost og melda deg på venteliste. Ventelistene vert gått gjennom før evt. restbillettar vert lagt ut for sal. Selde billettar vert ikkje refunderte.

Slik sjekkar du om billettane er i orden:

Tast inn kun dei 6 første og 4 siste siffera i kredittkortnummeret ditt her.

Dersom ditt billettkjøp ikkje visest her har du ikkje billettar, og kortet ditt er ikkje belasta. Prøv på nytt, eller ta kontakt oss for hjelp. Dersom ditt kort er belasta er også billettane i orden. Oppgje epostadressa di i døra, så får du billettane av oss dersom du ikkje skulle ha fått dei på oppgitt epostadresse.
Få oversikt med eBillett-appen, berre legg til Baroniet Rosendal i lista!

Får du ikkje kjøpt billettar?

Ta kontakt dersom du får problem med å gjennomføra kjøpet, så held vi av billettar som ligg og ventar på deg i døra. Ring 99 31 51 95 for hjelp. Etter at vi har bekrefta at billettane er sikra kan du Vippsa oss på 96110 eller overføra pengane direkte til vår bankkonto, 3460 07 51753. Merk då overføringa tydeleg med kva billettar det gjeld!

Mogelege feil:

  • Arrangementet er utselt eller salget er av ein eller annan grunn stoppa, men vi har ikkje oppdatert knappen på heimesida. Då får du beskjeden "Beklager utsolgt". Då kan du senda epost til info@baroniet.no for å stå på venteliste. Din post blir då liggjande registrert på mottakstidspunkt, og vi sender tilbod om billettar til den eldste først.
  • Enkelte bankar har lagt inn ekstra sikring på netthandel. Dei krever då at du loggar deg på nettbanken for å godkjenna kjøpet.
  • Dersom du har feil datoinnstilling på maskina di kan du få feilmelding om at sertifikatet har utgått på dato. Berre gå vidare.

Eventuelle feilmeldingar angåande billettane vert motteke med takk på tlf. 99 31 51 95.

Ulike typar billettar:

Vi har laga ulike typar opplevingspakkar som inkluderer middag og evt. overnatting:

  • Konsert
  • Konsert og middag i Hagecafé & Drivhus i Kjøken- & Urtehagen (før eller etter arrangementet). God, lokal mat.
  • Konsert og 3-retters slottsmiddag i Havestuen på Slottet frå 1665 ca. 15 minuttar etter konserten.
  • Konsert, 3-retters slottsmiddag i Havestuen på Slottet frå 1665 ca. 15 minuttar etter konserten, og overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (dei fleste romma har vask, medan delt dusj og toalett er på gangen).

Dersom ein billettype er utseld kan det framleis vera ledige billettar på andre. Sjå oversikt.

Bordsetting til Slottsmiddag i Havestuen og overnatting på Avlsgården
Vi reknar billettar kjøpt på same epostadresse som ei gruppe som skal sitja i lag i Havestuen og evt. bu i lag. Send oss gjerne ein epost til info@baroniet.no om antal enkeltrom og dobbeltrom. Det same gjeld dersom de har bestilt middag til ulike epostadresser.

Årskort

Vi har rimelege årskort som inkluderer:

  • rabattar på ei rekkje arrangement
  • gratis omvisning på slottet frå 1665 heile sesongen
  • gratis inngang Rosendal Have heile sesongen
  • gratis inngang alle kunstutstillingar heile sesongen

Årskort 1 person 2018

Årskort familie 2018 (2 vaksne og eigne barn/barnebarn under 18 år)

Få kulturkalenderen i din eigen Google-kalendar