Slottet frå 1665 mellom fjord, fjell, fonn og fossefall

Hjem Restaurantar

Restaurantar

Baroniet Rosendal byr på kaffi og kaker i Tesalongen på slottet, varme og kalde lunsjretter i Rosendal Hagekafé og treretters middagar i Ridderstuen på Avlsgården. Menyane er basert på sesongens råvarer frå kjøken- og urtehagen i Rosendal Have. Vi samarbeider med lokale produsenter som leverer kortreiste råvarer og produkt.

Rosendal Hagekafé & Butikk

Hagekaféen byr på deilig lunsj med friske råvarer frå kjøken- og urtehagen, samt utvalde lokale produsentar frå Rosendalsområdet.

Ein kan sitja innandørs i Hagekaféen, under glastak i drivhuset med utsikt mot Slottet frå 1665 med Malmangernuten i bakgrunnen, eller ute i sola når vêret er fint. Friske råvarer fra kjøken- og urtehagen vert hausta dagleg gjennom heile sesongen, og pregar menyane i Rosendal Hagekafé.

NB! Ingen bordreservasjon, med unntak av grupper over 12 personer som førehandsbestiller meny.

 

Restauranten på Avlsgården

For dei som ynskjer ei meir høgtideleg matoppleving, inviterer Baroniet til 3- rettars middag på Avlsgården. Menyen er basert på sesongens råvarer frå kjøken- og urtehagen i Rosendal Hage. Vi samarbeider med lokale produsentar som leverer kortreiste råvarer og produkt. Her får du ein smak av eleganse og noko ekte, forankra i naturen rundt. Frå 2. mai vil restauranten servera middag kvar fredag og laurdag klokka 19.00. Frå og med 22. juni til og med 9. august er restauranten ope dagleg. Frå og med 10. august og ut sesongen vil restauranten servera middag kvar fredag og laurdag kl. 19.00.

Ynskjer du å bestille bord, ta kontakt på mail: info@baroniet.no

Gamlakjøkenet

Gamlakjøkenet er tenarfløyen på Slottet frå 1665. I Gamlakjøkenet kan du nyta lappar og kaffi med tente lys på langbord og fyr på grua.

Tesalongen (Havestuen)

I hovudhuset finn du Tesalongen (Havestuen) – eit elegant rom fylt av historie og atmosfære. Tesalongen gir ein liten smakebit av livet på godset slik det ein gong var – stilla, smaken og nærleiken til naturen.Her serverast kaffi, te og heimebakte kaker i herskapelege omgjevnader, perfekt for ein roleg pause etter ei omvising eller ei vandring i hagen.