Slottet frå 1665 mellom fjord, fjell, fonn og fossefall

Hjem Kulturprogram Klassisk Helg: Opus 13 og Leif Ove Andsnes

Klassisk Helg: Opus 13 og Leif Ove Andsnes

Opus13 har på kort tid markert seg som eit av dei mest spennande unge kammermusikkensembla internasjonalt. Kvartetten består av dei norske fiolinistane Sonoko Miriam Welde og Edvard Erdal, saman med Albin Uusijärvi på bratsj og Daniel Thorell på cello.

Denne kvelden møter du dei og i samspel med ein av verdas fremste pianistar, Leif Ove Andsnes.

Fredag, 14.august 2026 Kjøp billett

Velkommen til konsert med Opus 13 og Leif Ove Andsnes!

Våren 2025 vant Opus13 førstepris både i Wigmore Hall International String Quartet Competition og i Bordeaux International String Quartet Competition, og har på kort tid etablert seg som et av de mest spennende unge ensemblene på den internasjonale kammermusikkscenen. Kvartetten består av de norske fiolinistene Sonoko Miriam Welde og Edvard Erdal, samt Albin Uusijärvi på bratsj og Daniel Thorell på cello, begge to fra Sverige.

I tillegg til å fremføre klassiske verk av komponister som Mozart, Bartók og Schubert, er Opus13 sterke ambassadører for nordisk musikk, både klassisk og samtidsmusikk. I Norge har de opptrådt på de fleste av landets største kammermusikkfestivaler, fra Bergen og Stavanger til Rosendal, Trondheim og Risør.

I denne konserten spelar dei og saman med pianist Leif Ove Andsnes. New York Times har kalla Leif Ove Andsnes «ein pianist med myndig eleganse, kraft og innsikt», og Wall Street Journal har utropt han til «ein av dei mest gåverike musikarane i sin generasjon.» Med suveren teknikk og nyskapande tolkingar har den berømte norske pianisten vekt begeistring over heile verda. Han har spelt konsertar og recitals i verdas mest kjende konsertsalar og med dei fremste orkestera, samtidig som han har spelt inn ei lang rekke kritikarroste plater.

Andsnes glødar for kammermusikken. Han var grunnleggar og kunstnarleg leiar av Rosendal Kammermusikkfestival, og fortsetjer arbeidet som kunstnarleg ansvarleg for Baroniet Rosendal.

Slik gjer du:

  • Velg billettype
  • Velg om du vil sitte på galleriet eller parketten
  • Klikk på dei sitteplassane du ønsker, og spesifiser kva type billett dei er
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark

Selde billettar vert ikkje refunderte.