Ketil Bjørnstad
Eksklusiv konsert i Den Røde Sal med middag i Rosendal Hagecafé & Drivhus etter konserten.
Intimkonsertane på Baroniet Rosendal har alltid inspirert meg på ein heilt særeigen måte", fortel Bjørnstad. "Det er ei stor gleda å få spela i Den Røde Sal att, og å få på kjenna den unike nærleiken til publikum.
Søndag 21. juli kl. 19.00
Ulike pakkar tilgjengeleg
|
Kjøp billett
|
Det er med ærbødigheit eg spelar på det eksklusive Pleyel-flygelet, det bestemmer like mykje som meg korleis konserten utfoldar seg. Det blir nok både improvisasjonar og ein blanding av gamalt og nytt», utdjupar han.
Kunstnaren og blomejenta.
Bjørnstad er ein kjær ven av Baroniet Rosendal, og som ein av Norges største kunstnarar var han fyrst ute med baronikonsertar i vår tid.
Allereie i 1986 spelte han sin fyrste baronikonsert, og den gongen var det ei ungjente frå Malmanger som var blomejente. Jenta var nett konfirmert, bar sin nye Kvinnheradsbunad, og såg opp til kunstnaren etter nett å ha lese boka hans om Oda Krogh.
Denne julikvelden vert det eit rørande gjensyn når blomejenta møter kunstnaren i sin fyrste sesong som direktør ved baroniet.