Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Hjem Kulturprogram Jørn Øyrehagen Sunde, professor

Jørn Øyrehagen Sunde, professor

Natur og kultur på Baroniet Rosendal

kr. 100,- / 50,- 2.juli kl. 18.00 Foredrag Kjøp billett

Jørn Øyrehagen Sunde, professor.ved UiB

Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie UIB og forskar ved Baroniet Rosendal, skriv på ei stor bok om historia til Baroniet Rosendal.
Sommar føredraga hans er difor direkte knytt til dei tema han til ei kvar tid arbeider med. I vår har han arbeidd med historia til hagen på Baroniet Rosendal.
Den var tema for det historiske seminar i juni, og er igjen tema for Sunde sitt føredrag 2. juli med tittelen «Natur og kultur på Baroniet Rosendal». Her vil han ta for seg hagen si utviklingshistorie, og visa relasjonen til nederlandsk og engelsk hagehistorie. Sunde kjem til å nytta kart materiale frå slutten av 1600-talet til slutten av 1800-talet, måleria til Hans Sager og Catrine Kølle frå 1705 og 1836, men ikkje minst fotografia til Knut Knudsen, Anders Wilse og Ralph Wilson frå 1864 til 1929. Men dei store endringane i hagenanlegget på Baroniet Rosendal er ikkje bare eit stykke hagehistorie, men òg kulturhistorie. For endringane i hagen speglar endringar i korleis ein haldt seg til både naturen rundt hagen, men òg til menneskenaturen. Og det er eit stykke sosialhistorie, fordi endringane i hageanlegget speglar relasjonen mellom kjønn, mellom medlemmar av ulike samfunnsklassar, og mellom folk på landsbygda og i byane.
Jørn Øyrehagen Sunde.

Slik gjer du:

 

For Riddersalen:

  • Velg billettype
  • Velg om du vil sitte på galleriet eller parketten
  • Klikk på dei sitteplassane du ønsker, og spesifiser kva type billett dei er.
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark.

 

For Borggården:

  • Velg billettype og antal
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark.

 

Dersom arrangementet er utselt kan du senda oss ein epost til [email protected] og melda deg på venteliste. Ventelistene vert gått gjennom før evt. restbillettar vert lagt ut for sal. Selde billettar vert ikkje refunderte.