Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Hjem Kulturprogram Ingebjørg Brattland & Odd Nordstoga

Ingebjørg Brattland & Odd Nordstoga

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har endeleg slege seg saman att for eit nytt projekt! Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. Den 26. og 27. juli kjem dei til Baroniet Rosendal og spelar opp med låtar fra sitt doggfriske album «Langt heimafrå».

Fredag 26. juli Kjøp billett
Lørdag 27. juli Kjøp billett

Albumet «Langt heimafrå» er delvis spelt inn i Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget. Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt – lenge nok.

Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til den rike folkemusikkarven dei begge har med seg fra barndommen. Men musikken deira når likevel langt utover fjellheimen i VInje. Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.

Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med særdeles god smak – dei er nemleg kvarandres største fan.

Slik gjer du:

 

For Riddersalen:

  • Velg billettype
  • Velg om du vil sitte på galleriet eller parketten
  • Klikk på dei sitteplassane du ønsker, og spesifiser kva type billett dei er.
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark.

 

For Borggården:

  • Velg billettype og antal
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark.

 

Dersom arrangementet er utselt kan du senda oss ein epost til info@baroniet.no og melda deg på venteliste. Ventelistene vert gått gjennom før evt. restbillettar vert lagt ut for sal. Selde billettar vert ikkje refunderte.