Vamp i Riddersalen
I tre tiår har dei levert. Hundrevis av songar om det å vere menneske. Om kjærleik og sorg, mytar og skrømt, ærlegdom og svik, døden og livet. Og havet.
Vamp høyrer til eliten i norsk musikkliv. Dei har utvikla eit særprega uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela.
Dei har oppnådd mengder av heider og ære, mellom anna fem Spellemannprisar, Prøysenprisen og Medaasprisen. Dei har gitt ut 18 album og selt over ein million plater.
Den nyaste utgivinga deira, «Tiå det tar», fekk gjennomgåande strålande kritikkar og høge terningkast frå meldarane, og nokre meinte til og med at dette er den beste utgivinga Vamp har hatt så langt. Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei øser av på konsertane sine.
|
Torsdag 30.juli 2026
Ulike billettypar tilgjengeleg
|
Kjøp billett
|
|
Fredag 31.juli 2026
Ulike billettypar tilgjengeleg
|
Kjøp billett
|