Oscar Danielson
Noregsvenn- og i tilfellet Oscar Danielson kan ein trygt slå fast at den sympatiske svensken er ein av dei aller beste venene vi har!
Oscar Danielson er sin eigen sjanger, og av mange rekna som Sveriges beste tekstforfattar. Etter albumet «Stockholm i mitt hjärta» (2011) med låta «Besvärjelse» har han fått eit stort publikum og turnert flittig i heile Skandinavia.
No kjem den Stockholm-fødde 49-åringen til Rosendal med eit show som framkallar latter så vel som tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner. Det er songar om kjærleik, fulle av alvor og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som er Oscars kjenneteikn.
Eva Weel Skram og Stein Thorleif Bjella har gjort ein versjon av Oscars låt «Besvärjelse» med norsk tekst, «Vi lover».
|
Fredag 24.juli 2026
Ulike billettypar tilgjengeleg
|
Kjøp billett
|
Noregsvenn er eit omgrep med både heldige og uheldige assosiasjonar. Men i tilfellet Oscar Danielson kan ein trygt slå fast at den sympatiske svensken er ein av dei aller beste venene vi har!
Oscar Danielson er sin eigen sjanger, og av mange rekna som Sveriges beste tekstforfattar. Etter albumet «Stockholm i mitt hjärta» (2011) med låta «Besvärjelse» har han fått eit stadig større publikum og turnert flittig i heile Skandinavia.
I november 2014 varma han opp for Bjørn Eidsvåg i eit fullsett Oslo Spektrum, og det er langt mellom dei gongene 9000 menneske er så lutter øyre som då. Kort tid etter opptrådde han på NRKs «Lindmo», og igjen både begeistra og fascinerte Danielsons låtunivers det norske folket.
No kjem den Stockholm-fødde 49-åringen tilbake til oss med eit show som framkallar latter så vel som tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner. Det er songar om kjærleik, fulle av alvor og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som er Oscars kjenneteikn.
Eva Weel Skram og Stein Thorleif Bjella har gjort ein versjon av Oscars låt «Besvärjelse» med norsk tekst, «Vi lover».