Slottet frå 1665 mellom fjord, fjell, fonn og fossefall

Hjem Kulturprogram Klassisk Helg: Alma Kraggerud og Natallia Popova

Klassisk Helg: Alma Kraggerud og Natallia Popova

Den unge norske fiolinisten Alma Kraggerud har alt markert seg sterkt både som solist og kammermusikar, mellom anna etter sigeren i Virtuos i 2022. Saman med den erfarne pianisten Natallia Papova vil dette bli ein stemningsfull konsert i Riddersalen.

På programmet står verk av Edvard Grieg, Amy Beach og Franz Schub

Lørdag, 15.august 2026 Kjøp billett

Alma Kraggerud og Natallia Popova!

Den norske fiolinisten Alma Serafin Kraggerud (fødd 2006) byrja å spele fiolin som femåring og har studert med mellom andre Peter Herresthal og Alf Richard Kraggerud. Ho debuterte som solist med Kringkastingsorkestret berre ni år gammal under festkonserten for kongefamiliane i Noreg, Sverige og Danmark. Sidan har ho vore solist med fleire orkester, mellom anna Stavanger Symfoniorkester, Trondheim Symfoniorkester og Arctic Philharmonic.

Kraggerud har opptredd ved festivalar både i Noreg og internasjonalt, og framførte mellom anna Violin Concerto in D major, Op. 61 av Ludwig van Beethoven under Nordland Musikkfestuke i samband med Bodø 2024 – European Capital of Culture. I 2022 vann ho Virtuos på NRK, samt Den Norske Solistpris. Same året framførte Oslo-Filharmonien orkesterverket hennar The Untold Myth. Våren 2025 urframførte ho rolla som «felespelaren» i operaen Asle og Alida av Bent Sørensen, med libretto av Jon Fosse. I 2026 spelte ho òg musikk av Jean Sibelius med Bergen Filharmoniske Orkester. Alma spelar på ein Antonio Stradivarius «ex-Karl Klingler» violin frå 1720, utlånt av Anders Sveaas’ Allmennyttige Fond.

I denne konserten spelar ho saman med pianist Natallia Papova. Natallia Papova, opprinneleg frå Hviterussland, byrja å spele piano som seksåring. Ho tok bachelorgrad i klaver i Minsk hos Zoya Kacharskaya og mastergrad i utøvande klaver ved Norges musikkhøgskole (2006–2009), der ho studerte med Håvard Gimse, Leif Ove Andsnes og Liv Glaser. Ho har òg hatt mesterklassar med mellom andre Robert Levin, Malcolm Bilson og Bart van Oort.

Dei siste tjue åra har Papova vore tilsett som akkompagnatør og kammermusikar ved Barratt Due musikkinstitutt, og har òg hatt engasjement ved Norges musikkhøgskole. Ho har medverka ved festivalar som Oslo Kammermusikkfestival, Festspillene i Bergen og Valdres Sommersymfoni. Papova har dessutan vore pianist og akkompagnatør ved konkurransar og program som Midgardkonkurransen, Virtuos og Ungdommens musikkmesterskap. Ho vann førstepris i pianokonkurransen ved musikkonservatoriet i Minsk i 2003, vart semifinalist i M. K. Čiurlionis International Piano Competition og fekk tredjepris (duo) i Nordic Kokkola Lied Competition i 2007.

Program:
Grieg: Sonate i c-moll, op 45
Amy Beach: Romanse
Schubert: Fantasie i C-dur

Slik gjer du:

  • Velg billettype
  • Velg om du vil sitte på galleriet eller parketten
  • Klikk på dei sitteplassane du ønsker, og spesifiser kva type billett dei er
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark

Selde billettar vert ikkje refunderte.