Ingebjørg Bratland
Ingebjørg Bratland er ein kvedar og visesongar frå Edland i Vinje og ein av dei mest folkekjære og ettertrakta popartistane i Noreg
Vinje-bygdingen har alt ei merittliste dei fleste kan misunne. Med låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg» – og mange fleire – har ho bora seg inn i den norske folkesjela.
Bratland er mest kjend gjennom låtane og albuma sine, der ho tolkar eigne og andre sine songar på sitt heilt særeigne vis, og når eit stort publikum i alle aldrar.
2026 starta med førsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!» saman med bandet Hagle.
|
Torsdag 23.juli 2026
Ulike billettypar tilgjengeleg
|
Kjøp billett
|
Vinje-bygdingen har alt ei merittliste dei fleste kan misunne. Med låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg» – og mange fleire – har ho bora seg inn i den norske folkesjela. Bratland er mest kjend gjennom låtane og albuma sine, der ho tolkar eigne og andre sine songar på sitt heilt særeigne vis, og når eit stort publikum i alle aldrar.
Dei siste åra har Ingebjørg, saman med sin gode ven Odd Nordstoga, spelt konsertar for fulle salar over heile landet, og no er ho klar for å dra vidare på si eiga musikalske ferd.
2026 starta med førsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!» saman med bandet Hagle. Ingebjørg er òg å sjå på TV 2 kvar fredag denne våren – som mentor i det populære musikkprogrammet The Voice. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at det dukkar opp ny og spanande musikk frå Ingebjørg Bratlands hand i løpet av 2026.