AUGUST STRINDBERG sitt ikoniske stykke FRØKEN JULIE frå 1888 er i denne versjonen lagt til BARONIET ROSENDAL.
Baronen si dotter Julie har hatt ein turbulent oppvekst på Baroniet.
Det er sankthansnatt på Baroniet. På baronikjøkenet møtast greven si dotter Julie og tenaren Jean, to menneske frå kvar si verd som aldri skulle ha nærma seg kvarandre.
Ein samproduksjon av Den Nationale Scene og Baroniet Rosendal
AUGUST STRINDBERG sitt ikoniske stykke FRØKEN JULIE frå 1888 er i denne versjonen lagt til BARONIET ROSENDAL.
Baronen si dotter Julie har hatt ein turbulent oppvekst på Baroniet.
Det er sankthansnatt på Baroniet. På baronikjøkenet møtast greven si dotter Julie og tenaren Jean, to menneske frå kvar si verd som aldri skulle ha nærma seg kvarandre. Når natta dreg ut, glir grensene mellom dei gradvis ut av form: mellom overklasse og tenarskap, mellom makt og avmakt, mellom kven vi er og kven vi lengtar etter å vere.
Julie er adelsdottera som alltid har prøvd å sprengje rammene rundt seg. Jean er tenaren som ser etter kvar einaste moglegheit til å ta eit steg opp. På kjøkenet er også Kristin, forlova med Jean og bunden av plikt. Mellom Julie og Jean veks eit spel som dreg i dei frå fleire kantar – tiltrekking, stoltheit, underkasting og kampvilje – og Kristin blir vitne til noko ho ikkje kan stogge.
Strindbergs klassikar er ei rå og presis studie i korleis klasse, kjønn og begjær kan rive menneske sund. Ei intens og nådelaus historie om grenser som blir brotne og prisen som følgjer.
Praktisk informasjon
Stad: Borggarden på slottet og Riddersalen på Avlsgarden.
Oppmøte: Borggarden, Baroniet Rosendal.
Viktig: Førestillinga krev litt vandring. Kle deg etter vêr og vind!
Førestillingar (22. – 30. august)
Laurdag 22. august kl. 18.00: Premiere
Søndag 23. august kl. 14.00
Torsdag 27. august kl. 11.00: I samarbeid med Kvinnherad Senioruniversitet
Fredag 28. august kl. 11.00: Lukka skuleforestilling (10. trinn)
Fredag 28. august kl. 18.00
Laurdag 29. august kl. 14.00
Søndag 30. august kl. 14.00
Regi
Svein Sturla Hungnes
Svein Sturla Hungnes er ein norsk skodespelar og regissør, og tidlegare teatersjef. Han fekk sitt gjennombrot på Nationaltheatret i 1970. Frå 2002–2009 var han teatersjef ved Oslo Nye Teater, der han regisserte store musikalar som Les Misérables og Chicago. Han var regissør for Peer Gynt ved Gålåvatnet i 25 år, og spelte òg tittelrolla i tretten år.
Medverkande
Susann Bugge Kambestad (Julie)
Er utdanna frå Teaterhøgskolen og debuterte på Den Nationale Scene i Anne Franks dagbok i 2013. Ho har sidan spela ei rekkje roller, mellom anna Ronja i Ronja Røverdatter, Gina Ekdal i Vildanden, og medverka i Arv og miljø, Sult, Scener frå eit ekteskap, Det blæs på månen og De urolige.
Hugo Mikal Skår (Jean)
Er utdanna ved NISS. Han har arbeidd ved både Teatret Vårt og Rogaland Teater, og har spela sentrale roller i mellom anna Othello, Festen, Daniel 33 og The Black Rider. Sidan 2022 har han vore tilknytt Den Nationale Scene, der han har medverka i oppsetjingar som Come From Away, Romeo og Julie, Billy Elliot og Så som i himmelen.
Reny Marie Gaassand Folgerø (Kristin)
Er utdanna ved Statens Teaterhøgskole (2001). Ho debuterte same året på Den Nationale Scene i Heksene, og har sidan spela eit breitt spekter av roller, mellom anna Nora i Et dukkehjem, hovudroller i Blå jakt og Blackbird, og sentrale roller i Måken, Anne Pedersdotter, Hotel Norge, Arv og miljø og Romeo og Julie.
Slik gjer du:
Velg billettype
Velg om du vil sitte på galleriet eller parketten
Klikk på dei sitteplassane du ønsker, og spesifiser kva type billett dei er
Betal trygt med VISA eller MasterCard
Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark