Rosendal Musikklag ynskjer dykk hjarteleg velkomne til ein unik festkonsert i den storslagne Riddersalen. Under leiinga av vår eigen dirigent, Sebastian Lamberg Torjusen, tek vi dykk med på ei reise inn i musikkens verden.
Forbered dykk på ei kveld fylt med lidenskap og følelsar, der me framfører meisterverk av verdskjende komponistar som Tsjajkovskij, Holst og vår eigen Edvard Grieg.
Dette vert ein kveld der musikk møter historie og brassband møter ballet i ei feiring av vakker musikk.
Gjer dykk klare for ei uforgløymeleg oppleving med Rosendal Musikklag, der tonar frå fortida vekkjer følelsar og skapar minner for livet.
Vel møtt til ein kveld med storslagen musikk, ballett, og magiske augneblink!
Slik gjer du:
- Velg billettype
- Velg om du vil sitte på galleriet eller parketten
- Klikk på dei sitteplassane du ønsker, og spesifiser kva type billett dei er
- Betal trygt med VISA eller MasterCard
- Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark
Dersom arrangementet er utselt kan du senda oss ein epost til info@baroniet.no og melda deg på venteliste. Ventelistene vert gått gjennom før evt. restbillettar vert lagt ut for sal. Selde billettar vert ikkje refunderte.