Eva Weel Skram
Eva Weel Skram har alltid vore svært personleg i tekstane sine, og det er ho heldigvis framleis. Med låtar som «Om du vil», «Selmas song», «La meg vere» og «Vendepunkt», er Eva Weel Skram utan tvil ein av dei mest folkekjære artistane vi har her til lands.
|
Onsdag 15.juli 2026
Ulike billettypar tilgjengeleg
|
Kjøp billett
|
Det er ei glede å kunne kunngjere at Eva Weel Skram kjem til Baroniet den 15.juli 2026!
I fjor sleppte Eva sitt nyaste album Vendepunkt, til fine meldingar, og tittelsporet låg spikra på spelelistene til NRK P1 i månadsvis.
Eva Weel Skram har alltid vore svært personleg i tekstane sine, og det er ho heldigvis framleis. Albumet Vendepunkt blei skrive i ein periode då det skjedde mykje i livet hennar, særleg på innsida. Ho søkte og fann svar på mykje i seg sjølv, og refleksjonane ho gjorde undervegs, fann fort vegen ut av hovudet og inn i tekstane – slik dei ofte gjer. Og om noko så fint kjem ut av Evas personlege vandring, kan vi ikkje gjere anna enn å håpe at ho held fram med denne reisa i åra som kjem.
Med låtar som «Om du vil», «Selmas song», «La meg vere» og «Vendepunkt», er Eva Weel Skram utan tvil ein av dei mest folkekjære artistane vi har her til lands. Skram har sleppt tre album med norske tekstar, Finne heim frå 2018, Sleppe tak frå 2021 og Vendepunkt frå 2024, som alle har hausta strålande kritikkar, og blitt omtala som både «Brutalt ærleg» og musikalsk modent. Denne våren er det duka for meir ny musikk frå Sogndalsartisten, som stadig imponerer med sine liveopptrednar og låtar som treffer blink.
«Eva Weel Skram har lenge vore ein av Noregs mest distinkte popartistar. Med albumet ‘Sleppe tak’ ligg alt til rette for at ho skal bli allemannseige», skreiv Dagsavisen i si melding av det nemnde albumet – noko som har løfta Eva heilt opp i toppsjiktet av norskspråklege popartistar her til lands.
Skrams varemerke har blitt fengande melodiar med sterke norske tekstar om tema som ligg hjartet hennar nært, noko som har vist seg å verke både trøystande og inspirerande for det stadig voksande publikummet hennar.
I 2026 blir det gode moglegheiter til å få med seg Eva og hennar musikalske kumpanar på scener over heile landet – ein sjanse ein ikkje bør la gå frå seg