Slottet frå 1665 mellom fjord, fjell, fonn og fossefall

Hjem Klassisk Helg

Klassisk Helg

Klassisk helg ved Baroniet Rosendal

Klassisk helg

Rosendal Kammermusikkfestival vart etablert i 2016 og har sidan den gong etablert seg som ein av dei viktigaste klassiske festivalane i Noreg. Festivalen har vore leia av Leif Ove Andsnes i samarbeid med Baroniet Rosendal, og har trekt både nasjonale og internasjonale utøvarar og eit dedikert publikum.

I august 2025 gjekk den tiande og siste Rosendal Kammermusikkfestival av stabelen. Samarbeidet med Leif Ove Andsnes held likevel fram, frå og med 2026 vil han vere kunstnarisk rådgjevar for ein ny klassisk konsertserie, Klassisk helg, ved Baroniet Rosendal.

Konsertserien skal ta vare på den musikalske arven frå festivalen, men i ein ny og meir konsentrert form – to helgar i sommarhalvåret, med høgt kunstnarisk nivå og ei tydeleg tematisk ramme.

Program