Slottet frå 1665 mellom fjord, fjell, fonn og fossefall

Hjem Årets utstilling: Ida og Elisa Helland-Hansen

Årets utstilling: Ida og Elisa Helland-Hansen

IDA OG ELISA HELLAND-HANSEN

Opning: 2. mai kl 16:00


Ida Helland-Hansen

I eit landskap mellom gamle tapetar og avrivne plakatveggjer ligg universet til Ida. Ho bruker tynne papirkvalitetar som vert laminerte til bomullslerret. Ho klipper, riv, limer, trykkjer og målar til eit bilete oppstår. Ofte bygd opp av ornament, leikne liner og figurar. Og fargar, mange fargar. Etter ei golvutsmykking ved Haukeland sjukehus har ho også teke i bruk linoleum for å byggje bilete i ein slags intarsia.

Ida Helland-Hansen (f. 1963) er utdanna ved Statens høgskule for kunsthandverk og design i Bergen midt på 1980-talet. Ho har hatt mange separatutstillingar, m.a. i Kunstnerforbundet og ved Galleri Langegården, og 15 gonger har ho stilt ut saman med syster Elisa. Ida har hatt fleire utsmykkingar; den hittil største ved Haukeland sjukehus. Ho er innkjøpt av alle dei store musea, av Statsministerens kontor og av dronning Sonja. Ho har hatt statens garantiinntekt sidan 2011.

Heimeside: www.idahellandhansen.no
Instagram: @idahellandhansen

Elisa Helland-Hansen

I heile den 50-årige yrkeskarrieren sin har Elisa arbeidd med gjenstandar i keramikk meinte for dagleg bruk på kjøken og til oppbevaring og servering av mat og drikke. Ho undersøker det nære tilhøvet mellom bruksvengd og form, avslutningar, volum og vektfordeling. Samspelet mellom dei taktile kvalitetane i overflatene og glansen og fargespekteret i glasurane er også vesentlege aspekt ved arbeida.

Elisa Helland-Hansen (f. 1950) er utdanna ved Bergen kunsthandverksskule på 1970-talet (i dag Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen). Ho stiller jamleg ut både i inn- og utland. Frå 2000–2005 var ho professor i keramikk ved Högskolan för design och konsthandverk ved Göteborgs universitet. I 2012 flytte ho frå Bergen til Seimsfoss ved Rosendal og arbeider no på heiltid på sitt nybygde verkstad der. Ho er representert i dei viktigaste offentlege samlingane i Noreg, ved Röhsska museet i Göteborg, og er innkjøpt av dronning Sonja ved fleire høve.

Heimeside: www.elisahh.no
Instagram: @elisahellandhansen