Klassisk Helg: Leif Ove Andsnes og Jazzverket på Nerhuslåven
Leif Ove Andsnes flyttar denne kvelden konsertflygelet frå Baroniet og ned på låven. Dette vert unikt når ein verdas beste pianistar speler opp til konsert på Nerhuslåven. Han spelar mellom anna kortare stykker av
Sibelius, Sæverud, Chopin og Stravinsky.
Konserten med Andsnes vert etterfølgd av Rosendalbandet Jazzverket på heimebane som har med seg saxofonisten Heidi Kvelvane og lokale krefter. Dei vil framføra jazz-standardar krydra med eigen musikk og tradisjonen tru ein og annan jazzversjon av musikk frå klassiske komponistar som står på programmet denne helga. Dei fire faste bandmedlemmene er: Gopi Storegjerde, vokal, Ivar Baste, piano, Stein Haugen, bass og Torkjell Nerhus, trommer.