
Hos Baroniet Rosendal får du oppleve ekte arbeidsglede, meistring og fellesskap — samtidig som du bidreg til å skape magiske augeblink for dei som vitjar oss.
Vil du vere med på laget? Vi gler oss til å møte deg!
Frå 01. mai til medio sept. har vi ledig opp til 100% som resepsjonsmedarbeidar
Som resepsjonsmedarbeidar vil du vera den første våre gjester møter og ha ei viktig vertskapsrolle.
Arbeidsoppgåver vil m.a. vera mottak av publikum, inn og utsjekk av hotellgjester, informasjonsflyt internt og vertskap under arrangement.
Vi søkjer deg som er blid, positiv og god på kommunikasjon. Det er eit føremon om du har erfaring frå tilsvarande arbeid, men ikkje eit krav.
Har du spørsmål, ta kontakt med Silje på 94891735, eller silje@baroniet.no
Søknad sendes til: silje@baroniet.no
Søknadsfrist: Løpande
Frå 01. mai -15. sept. har vi ledig 50-100% stilling som guide/museumsvert
Som guide/museumsvert vil du ha ei viktig rolle som vertskap i Rosendal slott og have. Du vil få ansvar for mottak og omvisingar i Rosendal slott og Rosendal have.
Vi søkjer deg som er blid, positiv og god på kommunikasjon. Det vil vera eit føremon om du har erfaring som guide, men ikkje eit krav.
Har du spørsmål, ta kontakt med Silje på 94891735, eller silje@baroniet.no
Søknad sendes til: silje@baroniet.no
Søknadsfrist: Løpande

Frå medio april — 15. september har vi ledig opp til 100% som servitør
Som servitør vil du jobba i Hagekaféen som er museumskaféen vår og under middag- og lunsjserveringar i Ridderstuen.
Vi søkjer deg som er over 18 år, er blid, påliteleg og god på kommunikasjon. Det er eit føremon at du erfaring med arbeids som servitør, men ikkje eit krav.
Har du spørsmål, ta kontakt med Silje på 94891735, eller silje@baroniet.no
Søknad sendes til: silje@baroniet.no
Søknadsfrist: Løpande
Frå 01. mars — 15. september har vi ledig 100% stilling som hagemedarbeidar.
Som hagemedarbeidar jobbar du med klargjering og vedlikehald i Baroniet Rosendal sitt hageanlegg.
Arbeidsoppgåver vil m.a. vera plenklypping, luking, planting og generelt vedlikehald og stell av hageanlegget.
Vi søkjer deg som er likar å jobba med fysisk arbeid ute, er påliteleg, positiv og blid.
Har du spørsmål, ta kontakt med Sigurd på 97067129, eller sigurd@baroniet.no
Søknad sendes til: silje@baroniet.no
Søknadsfrist: Løpande


I april månad søkjer vi «lembingsshjelp»
Som «lembingshjelp» vil du gå inn i turnus for å bidra med hjelp under lamming og dagleg stell i sauefjøset. Arbeidet kan kombinerast med arbeid i hagen dersom du ynskjer å jobba etter april.
Har du spørsmål, ta kontakt med Ingebjørg på 97710687, eller ingebjorg@baroniet.no
Søknad sendes til: silje@baroniet.no
Søknadsfrist: Løpande
Er du 18 år (helst) og ynskjer å søkje sommarjobb hos oss, enten i hagen, som guide på slottet og i hagen, som servitør i cafe og restaurant, i resepsjon eller på renhold kan du fylla ut søknadskjemaet under.
Søknadsskjema SOMMARJOBB 2026 — Fyll ut skjema
Har du spørsmål, ta kontakt med Silje på 94891735, eller silje@baroniet.no
Søknad sendes til: silje@baroniet.no
Søknadsfrist: 15. januar
