Ta turen innom Gamlakjøkenet på slottet og opplev ekte, tradisjonsrik bakst i hyggjelege omgjevnader.
Søndag 3. mai og kvar laurdag i juli mellom kl. 12.00 og 16.00 fyrer Omvikdalen bygdekvinnelag opp takkene og steikjer rykande ferske melkekaker etter gode, gamle oppskrifter.
Unn deg ei velfortent pause med dufta av nysteikt bakst i lufta, smakfulle kaker rett frå takka og ein varm kaffikopp i handa.
Her kan du nyta enkle gleder, gode smakar og ei roleg stund i historiske rom – anten du kjem innom på tur eller tek turen spesielt for opplevinga. Velkomne!