Slottet frå 1665 mellom fjord, fjell, fonn og fossefall

Hjem Ulike typar billettar

Ulike typar billettar

Vi har laga ulike typar opplevingspakkar som inkluderer middag og evt. overnatting:

  • Konsert
  • Konsert og middag i Hagecafé & Drivhus i Kjøken- & Urtehagen (før eller etter arrangementet). God, lokal mat.
  • Konsert og 3-retters slottsmiddag i Havestuen på Slottet frå 1665 ca. 15 minuttar etter konserten.
  • Konsert, 3-retters slottsmiddag i Havestuen på Slottet frå 1665 ca. 15 minuttar etter konserten, og overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (dei fleste romma har vask, medan delt dusj og toalett er på gangen).

Dersom ein billettype er utseld kan det framleis vera ledige billettar på andre. Sjå oversikt.

Bordsetting til Slottsmiddag i Havestuen og overnatting på Avlsgården
Vi reknar billettar kjøpt på same epostadresse som ei gruppe som skal sitja i lag i Havestuen og evt. bu i lag. Send oss gjerne ein epost til ticketco@baroniet.no om antal enkeltrom og dobbeltrom. Det same gjeld dersom de har bestilt middag til ulike epostadresser.

Rosendal Kammermusikkfestival – pakkar med overnatting

Vi har gjort jobben for deg: Vi har laga ferdige pakkar med konsertar, foredrag, overnatting med frukost og middag slik at du kan sikra deg alt du treng på ein gong. Berre vel enkeltromspakke eller dobbeltromspakke (husk å kjøp 2 pakkar då pakken er per person) , og du har alt du treng:

  • alle konsertar
  • gratis inngang til Rosendal Have under heile opphaldet.
  • festivalprogram
  • overnatting der du ønskjer i Rosendal (berre velg pakken knytta til rett stad)
  • frukost
  • 2- eller 3-rettars middag

Desse lettvinte pakkane finst både som døgnpakkar og som store festivalpass for heile festivalen.