Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Forsiden Slottet frå 1665

Slottet frå 1665

I 1658 sto det bryllup mellom Noregs rikaste arving og ein stolt dansk adelsmann. Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve, og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet sto ferdig i 1665. Kong Christian V av Danmark-Norge opphøga godset til Lensbaroni i 1678. Frå 1745 var Baroniet Rosendal eigd av slekta Rosenkrone, som i 1927 gav godset i gåve til Universitetet i Oslo. Den Weis Rosenkroneske Stiftelse DWRS, tilknytta Universitetet i Oslo, har i dag eigaransvar for slottet, park, hage, husmannsplassen Treo, Fruehuset og Avlsgården med det omkringliggjande kulturlandskapet.

Omvising med guide i herskapsetasjen

Hans Sager (1705) Baroniet Rosendal

Eit besøk på Baroniet Rosendal er ei vandring gjennom ulike stilepokar. Rom og salar er forma av ulike eigarar gjennom 250 år, og slottet er framleis bevart som ein heim slik dei siste eigarane forlet det i 1927.

Statthaldarkammeret, det einaste fullstendig bevarte rom i Noreg frå 1600- talet, er kledd med franske tekstiltapet frå 1660-åra. Denne tekstiltapeten er det einaste tapetet i sitt slag som enno heng oppe.

Sjå opningstider og prisar

Den Blå Sal (spisesalen) kan ein beundra noko av det eldste Meissen og Kongeleg Dansk stråmønsterporselen som finst i Norge.

I Den Røde Sal møter ein det vakre og storslagne i norsk natur, skildra av dei fremste norske landskapsmålarane frå nasjonalromantikken. Her er måleri av J.C.Dahl, H.F.Gude, M.Møller, A.Askevold, m.fl. Her finst også eit kvinneportrett av Edvard Munch frå 1880-åra.

Den Gule Sal er innreia i norsk empirestil, med noko av det mest verdifulle empire- møblementet i landet. Møblane er laga av Abraham Bøe frå Bergen kring 1820.

Sjå stor NRK-reportasje om historia til Rosendal frå 1966.

Sjå film om Slottet frå 1665 og Rosendal Have: