Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Hjem Rosendal Have

Rosendal Have

Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt sitt vesle slott frå 1660-åra er omgjeven av eit vakkert og historisk hageanlegg med renessansehage, romantisk landskapspark og kjøkenhage. Frå Rosendals Have er det storfelt utsyn mot Malmangernuten, Melderskin, Laurdalstind, Hattebergfossen og Hardangerfjorden. Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilretningar og motar innanfor hagekunsten. Her kan du oppleva over 300-år med hagehistorie!

Baroniet Rosendal i Hardanger med rosehagen og Melderskin og Andersfjell i bakgrunnen.

Renessansehagen og landskapsparken

Den praktfulle Rosehagen, med det kvitkalka slottet og fjella i bakgrunnen, er eit vakkert syn for alle som kjem for å oppleva slottet, hagen og landskapet.

Rosehagen er avgrensa mot vest av ein over 300-år gamal buksbomhekk. Den er ein rest av innhaldet frå den gamle renessansehagen til Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt.

Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilretningar og motar innanfor hagekunsten. Her kan du oppleva over 300-år med hagehistorie!

Blåregn, wisteria sinensis fra 1700-tallet i Rosendal Have, Baroniet Rosendal.

Bløming store deler av året

Frå dei fyrste snøklokkene dukkar opp i januar, er det bløming store delar av året. Våren er vakker med fruktbløming, tulipanar, påske- og pinseliljer.

Tidleg på sommaren kjem den vakre blåregnen (Norges største Wisteria sinensis?), som dekkjer sørveggen på slottet med sine vakre blå blomerankar.

I juni blømer rhododendron og asalea i mange ulike fargar. I juli kjem rosene for fullt og dei blømer til langt utover hausten.

Baroniet Rosendal landskapspark, rosehage og kjøkken- og urtehage.

Landskapsparken

Det over 150 mål store hageanlegget spenner frå rosehagen med parterremønster frå renessansen til Victoriansk landskapspark frå rundt 1850, og den nyrestaurerte kjøken- og urtehagen.

Det er fint å vandra på eiga hand i Rosendal Hage eller få hageomvising med guide (kun på bestilling). Grupper som ynskjer omvising i Rosendal Have kan ta kontakt på epost [email protected]

Kjøken- & Urtehagen

Den nyrestaurerte kjøken- & urtehagen forsyner Slottet med friske råvarer gjennom heile sesongen. Frukt, bær, grønsaker, salatar og krydderurter dannar vert trylla om til matopplevingar både på slottsmiddagar og til lunsj i caféen i Drivhuset.

Baroniet Rosendal Kjøkken- og urtehage hage cafe / restaurant med friske, økologiske råvarer.

Husmannsplassen Treo i Rosendal Have. Open enkelte dagar i sesongen på Baroniet Rosendal.

Husmannsplassen Treo

Husmannsplassen Treo er i dag ein del av museet Baroniet Rosendal. Treo har historie attende til 1840- åra og var tidlegare ein husmannsplass under Baroniet Rosendal. Treo ligg vakkert til mellom landskapsparken og Hattebergselva, i kort gåavstand frå slottet. Treo har ulike funksjonar samla i ein bygning, som stove, løe med smalehus, flor og hønsehus.

Husmannsplassen er nyleg restaurert til slik det var då den siste familien budde der i 1930- åra. Dette er gjort ut frå eit ynskje om å visa livet på ein husmannsplass og syna det sosialhistoriske biletet for dei besøkjande.

Utsikt til Hattebergsfossen

Frå bøkeskogen ovanfor Treo får ein flott utsikt til Hattebergfossen som ligg nokre hundre meter bak landskapsparken:

Baroniet Rosendal Hardangerfjorden rosehage med et vell av roser

 

Giftfri hage

Velkommen til ein heilt giftfri hage! All gjødsel vi brukar i kjøken- og urtehagen, rosehagen og landskapsparken kjem frå Norsk Naturgjødsel.

Det blir heller ikkje brukt noko form for sprøytemidlar på rosene. Vi brukar i staden ulike naturlege blandingar av grønnsåpe, eplesidereddik og natron etter behov og bruksområde. Godt for oss, og godt for naturen.