Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Forsiden Restaurantar

Restaurantar

Baroniet Rosendal sin kjøkensjef byr på alt frå kaffi og kaker i Thee & Caffesalongen og enkle lunsjretter i Rosendal Drivhus, til tre eller femretters gourmetmiddag i Den Blå Sal (kun for grupper). Alle menyar er bygde rundt friske råvarer frå den nyrestaurerte kjøkken- og urtehagen i Rosendal Have. Friske råvarer vert hausta dagleg gjennom heile sesongen.

Rosendal Drivhus

Rosendal Havecafé & Butikk

Hagecaféen byr på deilig lunsj med friske råvarer frå kjøken- og urtehagen, samt utvalde lokale produsentar frå Rosendalsområdet.

Ein kan sitja innandørs i Hagecaféen, under glastak i drivhuset med utsikt mot Slottet frå 1665 med Malmangernuten i bakgrunnen, eller ute i sola når vêret er fint. Friske råvarer fra kjøkken- og urtehagen vert hausta dagleg gjennom heile sesongen, og pregar menyane i Rosendal Drivhus.

havestuen

Thee- & Caffe Salongen

Den gamle Havestuen på slottet inneheld i dag ein liten café med servering av kaffe, Baronessens Rosethee og heimebakte kaker. Her har vi òg eit lite utval av souvenirar, blant anna kunstkatalogar, plakatar, og ein te komponert spesielt for Baroniet Rosendal: Baronessens Rosethee.

storakjokenet

Rosendal Avlsgård

Vi kan tilby servering av treretters gourmetmåltid i Storakjøkenet på Rosendal Avlsgård for grupper, med levande lys og fyr på grua. Dersom du overnattar på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus vil vi, så sant vi kan, tilby 3-retters middag i Storakjøkenet på Avlsgården. Enkelte dagar når det er kulturarrangement på Slottet kan vi i staden tilby servering av middag i Rosendal Drivhus eller Havestuen.

Den Blå Sal

Slottsaften i Den Blaa Sal

Grupper kan få oppleva “Slottsaften” på 1600- tals slottet. Dette er ein flott stad å feira bryllup eller andre festmiddagar i ein herskapeleg atmosfære.

  • Apéritif i Vinkjellaren
  • Stemningsomvising med levande ljos
  • Konsert i Den Røde Sal (kan bestillast i tillegg dersom ein ynskjer)
  • Trerettars middag i Den Blaa Sal (max. 39 pers.)
  • Stemningsfull avslutning med kaffi og kaker ved 1600- talsgrua i Gamlakjøkenet
  • Ta kontakt på info@baroniet.no for meir informasjon og bestilling.

Sjå menyoversikt

Gamlakjøkenet og Borgstovo

Gamlakjøkenet og Borgstovo er tenarfløyen på Slottet frå 1665. Grupper kan få servert kaffi og kaker med tente lys på langbord og fyr på grua i Gamlakjøkenet. Her kjem også barnehagebarn frå Rosendalsområdet på julefest nett som i gamledagar. Sjå film frå Gamlakjøkenet med steinovnen frå 1600-talet