Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Forsiden Overnatting

Overnatting

Overnatting med frukost og tilbod om 3-rettars middag i sesongen på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (husk å bestilla bord). Enkel, men komfortabel overnattingsstad med 24 rom og 40 senger fordelt på Rosendal Avlsgård og Fruehuset frå mai til september. Velkommen!

Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus. Pensjonat med overnatting med frukost, romantisk og autentisk alternativ til hotell.
Rosendal Avlsgård

Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus

Overnatting med frukost og tilbod om 3-rettars dagens middag i romantiske omgjevnader i sesongen. Enkel, men komfortabel overnattingsstad i originale hus frå 1850 med 21 rom og 37 senger. Rosendal Avlsgård har 5 enkeltrom og 9 dobbeltrom, på Fruehuset er det 2 enkeltrom og 6 dobbeltrom. På enkelte rom kan vi setja inn ekstrasenger.

  • Frukost i Storakjøkenet på Avlsgården med levande ljos og fyr på grua
  • Alle rom er røykfrie
  • Dei aller fleste romma har vask, medan felles dusj og toalett finst på gangen
  • Husdyr tillate dersom eigna rom er ledig, gje beskjed om evt. husdyr eller allergiar

Fruehuset

Fruehuset ligg på den andre sida av jordet, nede ved elva. Same type rom som på Avlsgården, med romantisk innreiing og delt dusj og toalett på gangen. Her er ein koseleg og solrik liten hage framfor huset, skjerma frå turisttrafikken.

Frukost er i Storakjøkenet på Avlsgården, ein fin liten 300 meters spasertur langs elva. Gje gjerne beskjed når du bestiller kvar du helst vil bu.

Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus med overnatting på Fruehuset

Restaurant i Storakjøkenet

Frukost blir servert ved bålet i grua i Storakjøkenet på Rosendal Avlsgård. Enkelt utval, med vekt på god, autentisk, kortreist og heimelaga mat.

Dagens 3-rettars middag i Storakjøkenet i hovudsesongen på dagar det ikkje er tilgjengeleg konsertpakkar med Slottsmiddag i Havestuen eller middag i Drivhuset (ca. 1. juli til 15. august kvart år).

Overnatting med frokost (ingen hotellstandard) på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus.

Prisar

Dobbeltrom med frukost kr. 980,-
Enkeltrom med frukost kr. 700,-
Ekstraseng born 4-16 år med frukost kr. 150,-
Ekstraseng vaksne med frukost kr. 250,-
Nistepakke med termos for overnattingsgjester kr. 75,-
Frukost for eksterne gjester kr. 100,-

Spesialprisar for universitet, høgskular og kulturinstitusjonar.

 

TripAdvisor

Booking

Bestill overnatting på epost info@baroniet.no eller telefon 53 48 29 99. Sesong: mai – september.

Bordbestilling: ta kontakt på info@baroniet.no eller telefon 53 48 29 99

Vi har lav bemanning på kontoret, ver snill å leggja igjen navn og nummer på telefonsvararen, så ringjer vi opp att så snart vi kan!

Kurs og konferanse

Kurs og konferanse på Baroniet Rosendal.
Det er to seminarsalar på Avlsgården. Hovudsalen har plass til inntil 40 personar og er utstyrt med breiband, flipover, lysbildeframvisar, whiteboard, TV og video.

 .

Kurs, konferanse og møte på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus. Her grupperommet.

Det er også eit grupperom som rommar ca. 10 -15 personar.

Gåvekort

Ønskjer du å gje bort gåvekort på opphald på Rosendal?  Sjå kulturprogrammet for kombinasjonsbillettar med overnatting, 3-retters middag i Havestuen og kulturarrangement dersom du ynskjer ein spesiell dato eller eit spesielt arrangement.

Du kan også kjøpa gåvekort for overnatting og servering her som ikkje er låst til ein bestemt dato, konsertbillettar med middag i slottets Havestue er tilgjengeleg under kvart enkelt arrangement, sjå kulturkalenderen.

  • Gåvekorta er gyldige heile sesongen, slik at dato for opphald må avtalast med oss. Sjekk på førehand dersom du ynskjer ein spesiell dato. Ta med kvittering/gavekort, dette leverast inn ved ankomst hos oss. Dei kan evt. skjulast i ein nøytral konvolutt for mottakar.
  • Det er ikkje middagsservering alle dagar på Rosendal Avlsgård, og nokre dagar er middagen flytta til Havestuen på Slottet i samband med kulturarrangement.

Bestill gåvekort lettvint og trygt her

Oversikt over ledige kulturbillettar heile sommaren 2016

Gåvekort overnatting med frukost, middag og konsert sommaren 2017

  • NB: rom og konsert må bestillast på epost info@baroniet.no – oppgje at du har gåvekort (dette for å reservera rom/arrangementbillettar på rett dato).
  • Eitt dobbeltrom = 2 personar med frukost. Gje beskjed dersom du ynskjer ekstra seng.
  • Oppgje antal billetter og en epostadresse som billett(ane) kan sendast til
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Inga ekstra billettavgift!
  • Skriv ut billett(ane) på ein vanleg skrivar eller oppgje epostadressa du kjøpte gåvekortet på så skriv vi det ut for deg.

Historikk Rosendal Avlsgård

Stamherre til Rosendal Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone (1823-1896) oppretta i 1850- åra Rosendal Avlsgard som eit mønsterbruk for sau og hest. Drifta fikk stor betydning for jordbruksreisinga og avlsarbeidet i distriktet. I 1875 vart ”Rosendal Høiere Almue Skule” etablert. Undervisinga vart finansiert av Stamherren, som sjølv underviste i framande språk, historie, fysikk og geografi.

Fruehuset vart bygd rundt 1860 til presteenka Karen Unger og døtrene Pauline, Bolette og Nanna. Nanna vart seinare gift med Hans E. Kinck, medan dei tre einslege kvinnene vart buande der under Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrones vern til sin død. Huset fekk etterkvart namnet Fruehuset etter enkefru Karen Unger. Marcus Gerhard og søskena fikk eit spesielt forhold til sokneprest Elias B. Unger på Malmanger prestegard, og prestedottera Kathinka vart Marcus Gerhard sin store kjærleik i livet. Dessverre døydde Kathinka i 1853, berre 18 år gammal. Etter at Kathinka døydde fann ikkje Marcus Gerhard kjærleiken på ny.

Du kan lesa meir om Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone sitt store livsverk i Rosendal i jubileumsboka frå 1996: Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone 1823-1896, Baroniet Rosendal.