Startside
Slottet fra 1665
Kvinnherad Kyrkje
Husmannsplassen Treo
Vogn & båtutstilling
Hage & Landskap
Kart og veibeskrivelse

Avlsgård & Fruehus
Restauranter
Kurs & konferanse
Kulturopplevelser
Kulturprogrammet
Kunstutstillinger
Kunstkataloger

Åpningstider & priser
Rosendalsområdet
Reisen til Rosendal
For grupper
Spørsmål & svar
Kontakt oss
Fotoalbum
Presseinfo
Rosendalsarkivet
Om stiftelsen
Nettstedskart



Norsk English Deutsch


Valnøtt (Juglans regia)

Valnøtttre har vore dyrka på Rosendal i lang tid, og valnøtter er nemd i skriftlege kjelder tilbake til 1746. For året 1746 står det oppført 7800 valnøtter i rekneskapane for hagen. Smaa Nödder er óg med i rekneskapane, og det er truleg hasselnøtter hausta i distriktet.
Stamhusbesittar Edvard Londemann, som sjølv førte gods- og hagerekneskapane, skildra i detalj kor mange valnøtter som var Solgt, Forært bort eller Paa Rosendal til Börnen. Han førte svært grundige rekneskapar! I rekneskapane for 1746 har Londemann teke med ei reise til Bergen 24. November for å selja valnøtter. Noko vart selt, noko vart forært (gjeve som gåve), noko var ubrugelige, og resten vart fortært av han sjølv på vegen. Londemann hadde tydelegvis kosa seg med valnøtter på båten til og frå Bergen. I rekneskapane ligg det ved ei liste over kirsebær, plomme, pære og epletre som truleg vart kjøpt inn og planta i hagen. Det er mange ulike sortar og nedst på lista står det Valnødder, 3 Sorter Differente ..., som syner at han kjøpte ulike sortar av valnøtt.

Det vart hausta store mengder valnøtter i åra frå 1746 til 1748, så det er rimeleg å tru at der må ha vore fleire tre, og tre av ein viss storleik. Dei trea som Londemann hausta av kan såleis vera planta av Ludvig eller Axel Rosenkrantz på slutten av 1600-talet eller tidleg på 1700-talet.

Det siste av dei gamle trea, som truleg vaks langs den gamle hagemuren, stod til utpå 1980-talet. Der den gamle valnøttkjempa stod er det no planta eit nytt valnøttre.

Det er tre valnøttre i hagen i dag. Dei to største og eldste trea ber frukt, som er mogen i september eller oktober.

Botanisk omtale

Valnøtt (Juglans regia) er eit lauvfellande tre som kan bli opptil 20 meter høgt. Det høyrer til valnøttfamilien (Juglandaceae). Dei finna blada er bronsefarga når dei er unge, om minnar litt om askeblad. Dei grøne steinfruktene inneheld ei treaktig nøtt. Når steinfrukta er mogen, revnar det ytre kjøttfulle laget og steinen dett ut. Steinen er lys brun, hard og rynkete. Inni steinen ligg frøa som kan etast slik dei er.

 

Baroniet Rosendal
Baroniet Rosendal, Postboks 235, 5486 Rosendal
telefon 53 48 29 99 fax 53 48 29 98
e-post