Kjøkken-
& Urtehaven vart etablert på 1800-talet som ein forsyningshage for
hushaldet og sals- og forsøkshage for grønsaker, frukt og bær.
Mykje tyder på at Kjøkken- & Urtehaven gradvis mista sin funksjon,
og var bare i drift til litt ut på 1900-talet. Etter den tid har det vore
frukthage og eng. I 1998 starta arbeidet med å rekonstruera Kjøkken-
& Urtehaven. Rekonstruksjonen byggjer på gamle plantelister og Kart
over Rosendal Have frå 1893. Kartet syner korleis kjøkenhagen
var delt inn i seks kvadratiske dyrkingsfelt omkransa av graskantar og grusvegar.
På graskantane var det planta frukttre. I austre enden av hagen var det
drivhus og drivbenkar. Mot nord var det planteskule og eng.
Utforminga og innhaldet i hagen går fram av det folkelivsgranskar Th.
Haukenæs skreiv om kjøkenhagen i 1887:
”Kjøkkenhaven
adskilles fra de øvrige Dele ved gjennom Haven løbende Bæk,
som kommer ned fra Hatteberg. 3 smaa Broer fører over denne og ind i
Kjøkkenhaven, som ved Veie er delt i firkantede Smaastykker, der er rigt
beplantede med Frukttræer; hvorpaa vokser forskjellige Slags Frugter,
saasom keiserindepærer, Sommerpærer o.fl. Der vokser ogsaa andre
Slags Frugter, saasom Rosenæbler, Gravensteiner, Glasæbler, Oldenburger
Ducheræbler o.s.v. Der avles ogsaa en Mængde af alle Slags Bær.
Da det vilde komme til at trætte Læseren nøiere at omtale
de forskjellige Slags Træer og Frukter, gaar jeg over til at nævne
Navnet paa en Del af de mange Slags Kjøkkenurter, som vokser her, og
hvorefter denne Del af Haven har faaet sit Navn. Foruden de Sorter, som Folk
i Almindelighet pleier at dyrke, vokser her Kaal, Løg, Erter, Pastinakk,
Persille, Salat, Timian og Reddiker.”
Th. Haukenæs skreiv også om det staselege drivhuset der det vart
dyrka eksotiske vekstar som sagopalme, appelsin- og fiken, vinrankar, manillahamp
og ein heil del blomar.
I
dag kan besøkande på nytt få oppleva ein nyttehage på
Rosendal. Hagen har fått tilbake den gamle utforminga og er planta til
med gamle frukttresortar, grønsaker, krydderurter og blomar. Avlingane
av grønsaker, krydderurter, bær- og fruktslag vert nytta på
Baroniet Rosendal sitt kjøken. Seminar- og overnattingsgjester kan nyta
menyar tufta på økologiske råvarer frå Baroniet Rosendal
sin eigen Kjøkken- & Urtehave. BaraGruppen v/administrerande direktør
Knut Lauritz Galtung Døsvig er hovudsponsor for prosjektet. Bara gruppen
har kosta heile restaureringa av Kjøkken- & Urtehaven og attreisinga
av Rosendal Drivhus, eit totalbudsjett på 4,5 millionar kroner.
Informasjon om og videreutvikling av prosjektet er pr. 2005 støtta av
: Norsk Kulturråd kr 250.000, Norsk Kulturminnefond kr 250.000, ABM-Utvikling
kr 50.000, Hordaland Fylkeskommune kr 50.000, Kvinnherad Kommune kr 10.000,
Privat gåve kr 10.000.