Startside
Slottet fra 1665
Kvinnherad Kyrkje
Husmannsplassen Treo
Vogn & båtutstilling
Hage & Landskap
Kart og veibeskrivelse

Overnatting
Restauranter
Kurs & konferanse
Kulturprogram 2011
Kunstutstillinger

Åpningstider & priser
Rosendalsområdet
For grupper
Spørsmål & svar
Kontakt oss
Fotoalbum
Nedlastbare foredrag
Presseinfo
Rosendalsarkivet
Om stiftelsen
Nettstedskart



Norsk English Deutsch


Slottet fra 1665

Slottet fra 1665, malt av Hans Sager i 1705I 1658 sto det bryllup mellom Noregs rikaste arving og ein stolt dansk adelsmann. Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve, og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet sto ferdig i 1665.

Kong Christian V av Danmark-Norge opphøga godset til Lensbaroni i 1678. Frå 1745 var Baroniet Rosendal eigd av slekta Rosenkrone, som i 1927 gav godset i gåve til Universitetet i Oslo.

Den Weis Rosenkroneske Stiftelse DWRS, tilknytta Universitetet i Oslo, har i dag eigaransvar for slottet, park, hage, husmannsplassen Treo, Fruehuset og Avlsgården med det omkringliggjande kulturlandskapet.

Eit besøk på Baroniet Rosendal er ei vandring gjennom ulike stilepokar. Rom og salar er forma av ulike eigarar gjennom 250 år, og slottet er framleis bevart som ein heim slik dei siste eigarane forlet det i 1927.

BarokkrommetDen Røde Sal

Den Gule SalStatthaldarkammeret, det einaste fullstendig bevarte rom i Noreg frå 1600- talet, er kledd med franske tekstiltapet frå 1660-åra. Denne tekstiltapeten er det einaste tapetet i sitt slag som enno heng oppe.

I Spisesalen kan ein beundra noko av det eldste Meissen og Kongeleg Dansk stråmønsterporselen som finst i Norge.

I Den Røde Sal møter ein det vakre og storslagne i norsk natur, skildra av dei fremste norske landskapsmålarane frå nasjonalromantikken. Her er måleri av J.C.Dahl, H.F.Gude, M.Møller, A.Askevold, m.fl. Her finst også eit kvinneportrett av Edvard Munch frå 1880-åra.

Den Gule Sal er innreia i norsk empirestil, med noko av det mest verdifulle empire- møblementet i landet. Møblane er laga av Abraham Bøe frå Bergen kring 1820.

 

Baroniet Rosendal
Baroniet Rosendal, Postboks 235, 5486 Rosendal
telefon 53 48 29 99 fax 53 48 29 98
e-post