Baroniet Rosendal sin kjøkensjef byr på alt frå kaffi og
kaker i Thee & Caffesalongen og enkle lunsjretter i Rosendal Drivhus, til
tre eller femretters gourmetmiddag i Den Blå Sal. Alle menyar er bygde
rundt økologisk dyrka råvarer frå den nyrestaurerte kjøkken-
og urtehagen i Rosendal Have. Friske råvarer vert hausta dagleg gjennom
heile sesongen.
Thee- & Caffe Salongen
Den
gamle Havestuen på slottet inneheld i dag ein liten café
med servering av kaffe, Baronessens Rosethee og heimebakte kaker.
Her har vi òg eit lite utval av souvenirar, blant anna kunstkatalogar,
plakatar, og ein te komponert spesielt for Baroniet Rosendal: Baronessens
Rosethee.
Opplev "Slottsaften" på 1600- tals slottet. Apéritif
i Vinkjellaren, stemningsomvising med levande ljos, konsert i Den Røde
Sal (kan bestillast i tillegg dersom ein ynskjer), 3 rettars middag i
Den Blaa Sal (max. 36 pers.) og avslutning med kaffi og kaker ved 1600-
talsgrua i Gamlakjøkenet.