Startside
Slottet fra 1665
Kvinnherad Kyrkje
Husmannsplassen Treo
Vogn & båtutstilling
Hage & Landskap
Kart og veibeskrivelse

Avlsgård & Fruehus
Restauranter
Kurs & konferanse
Kulturopplevelser
Kulturprogrammet
Kunstutstillinger
Kunstkataloger

Åpningstider & priser
Rosendalsområdet
Reisen til Rosendal
For grupper
Spørsmål & svar
Kontakt oss
Fotoalbum
Presseinfo
Rosendalsarkivet
Om stiftelsen
Nettstedskart



Norsk English Deutsch


Rosendal, Hardanger og Folgefonnhalvøya

Bondhusbreen, SundalFruktbløming i HardangerFurebergsfossen ved Maurangerfjorden

Baroniet Rosendal ligg på Folgefonnhalvøya. Her vart Folgefonna Nasjonalpark oppretta våren 2005, den 20. nasjonalparken i Noreg. Rundt halvøya ligg Hardangerfjorden. Vi har funne fram til nokre stader og opplevingar til inspirasjon.

Vi har diverre ikkje kapasitet til å bistå med å planleggja reisa til Hardanger og Sunnhordland forøvrig. Ta gjerne kontakt med dei lokale turistkontora for meir informasjon og hjelp.

Vi har her sett saman litt informasjon som vi har erfart at mange leitar etter:

Reisa til Rosendal

Turistinformasjonar i området:

Kvinnherad: www.kvinnherad.kommune.no/guide/
Sunnhordland: www.visitsunnhordland.no
Reisemål Hardangerfjord: www.hardangerfjord.com

Rosendal Turistinformasjon: 53 48 42 80

Andre turistkontor:
Jondal
: 53 66 85 31
Kinsarvik: 53 66 31 12
Lofthus: 53 66 11 90
Utne: 53 66 18 22

Attraksjonar og aktivitetar rundt Folgefonna

Breføring på Folgefonna

Breføring på Folgefonna
Botnabreen, Mauranger: Frå Rosendal tek det omlag 50min å køyre til enden av vegen. Frå vegen er det omlag 40 min gangtid før ein står ved brekanten og kan ta på breutstyret. Turen vidare er ei vakker verd av blåefargar og majestetisk fjell i enden av den tronge Øyresdalen. I lag med Juklavassbreen er dette ein av dei best tilgjengelege breeane i Noreg. For alle tilreisande og lokale - her er ein sjanse til å oppleva Botnabreen med blåis og flott utsikt. Turen og brefallet gjer at det er råd å tilpassa turen til alle typer aktivitetar. Klatring er mogleg samstundes som dei flate partia innbyr til familievennlege turar.
Fakta om folgefonna: Breisen, klimaet og geologien

Sommarski på Folgefonna

Folgefonna Sommar Skisenter, Jondal
Folgefonn Sommar Skisenter ligg på nordsida av Folgefonna ca. 1200 m.o.h. Her er alt tilrettelagt for opplevelsesrike dagar med skitilbod for alle. Hugs veret skiftar raskt i høgfjellet. Ta difor også med varme klede.

Agatunet, Nå

Agatunet, Nå
Eitt av svært få attverande klyngetun i Norge. Klyngetuna var den norske varianten av den mellom-europeiske landsbyen; alle husa var samla i ei klynge, medan den fruktbare jorda og skogen omkring var inndelt i små teigar. Blant dei finn vi den unike Lagmannsstova frå 1250, det einaste bevarte "byhus" av sitt slag i landet. I det gjestfrie tunet finn gjestene kunstutstillingar, brukskunstutsal og ei unik draktsamling.

Hardanger Folkemuseum på Utne

Hardanger Folkemuseum, Utne
Museet har sidan skipinga i 1911 teke vare på hus, gjenstandar og anna kulturhistorisk materiale frå bygdene kring Hardangerfjorden. Til museet høyrer ei mindre fiskerihistorisk samling. Hovudmuseet med administrasjonsbygg og utstillingar ligg på Utne 200 meter frå ferjeleiet. I friluftsmuseet på Utne har ein gjenskapt eit tradisjonelt klyngjetun frå tida føre utskiftinga på 1800-talet. Det eldste huset, ei årestove, er truleg frå 1200-talet. Her er elles hus i alle aldrar frå 1600-talet fram til tidleg på 1900-talet, alle med tidstypisk innreiing. Til friluftsmuseet høyrer elles: krambu, husmannsplass, ein gamal skifabrikk og kvernhus. I nausta ved sjøen er det fleire tradisjonelle hardangerbåtar: færing, seksæring, åttæring, tiæring, heksbåt og ein stor føringsbåt, ei såkalla "nautaferge". I museumsbygget på Utne er det skiftande utstillingar med kunst og kulturhistorisk innhald gjennom heile året. Permanentutstillingar: "Brudeferden i Hardanger", "Folkedrakt og draktutstyr", "Kvinna sitt arbeidsår", "Fruktdyrking", "Folkemusikk" m.fl. I utstillinga "Hardingar på sjøen" er det lagt særleg vekt på sjøfart, fiske og båtbygging.

Vestnorsk Industristadmuseum

Norsk Vasskraft- og Industristad-museum, Tyssedal
Omvisningar: Tysso I - Norges einaste freda kraftstasjon. Arbeiderbustader 1910 - 1950 i Folgefonngata - Odda sentrum. Skjeggedal med kraftanlegg, kulturminne og den monumentale Ringedalsdammen (1918).
Det blå landet er ein forteljing om korleis vatnet blir brukt frå fjell til hav. Sjå filmen som ikkje berre gjev deg kunnskap, men også ei flott filmoppleving. Biletspel med ulike tema (lysbileteprogram sette saman av lydeffektar, forteljing, musikk og bilete). Dei mest populære biletspela har kommentarar og sitat lesne av kjende skodespelarar. Ei oppleving både for barn og vaksne.

Rosendal Musikkfestival

Rosendal Musikkfestival
Rosendal Musikkfestival vert arrangert siste helga i mai kvart år , og har markert seg som ein kvalitetsfestival med store nasjonale og internasjonale navn på plakaten. Folkefesten spenner frå parade i Skålagato til Nattjazz og kyrkjekonsertar.

Maurangerfjorden og Furebergsfossen

Maurangerfjorden med Furebergsfossen.
Den ville, vakre Furebergsfossen ligg like ved riksvegen mellom Odda og Rosendal, og sender ein frisk dusj med krystallklårt brevatn over brua. Maurangerfjorden er ein vakker liten, trong fjordarm til Hardangerfjorden, og inst i fjorden, i Sundal, kan ein få auge på Bondhusbreen heilt nede frå fjorden.

Rødtunet, Uskedalen

Rødtunet, Uskedalen
Tunet omfattar våningshus med røyk- og lemstove, stabbur, smie, stall og kvern med utstyr og innbu som høyrer til. Namnet Rød betyr rudning; rydja gard frå mellomalderen (1200-talet). Det er fire jamnstore bruk på Rød. Bruka var gardar under Baroniet Rosendal. Leiglendingane fekk kjøpa gardane dei sat på kring 1930, dei aller siste så seint som på 50-talet. Frå gammalt av har bøndene på Rød hatt attåtnæring av ymse slag; mest fiske, jakt og fangst, notbruk, tønneproduksjon og fraktefart. Det var tre husmannsplassar under Rød. Ingen av dei høyrde til bruket der bygdetunet står.
Tunet ligg vakkert til med fritt utsyn over fjorden omkransa av gamle, freda eiketre.

 

 

 

Baroniet Rosendal
Baroniet Rosendal, Postboks 235, 5486 Rosendal
telefon 53 48 29 99 fax 53 48 29 98
e-post