Slottet på Baroniet Rosendal vart oppført av den danske adelsmannen
Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt i 1660-åra. Hagen vart utforma samstundes,
på det flate partiet vest for slottet, der det i dag ligg ein vakker rosehage.
I arkivet til Baroniet Rosendal finst det rekneskapar som viser kva planter
som var i hagen på 16- og 1700-talet. Renessansehagen hadde då ei
blanding av pryd- og nyttevekstar. I dag er renessansehagen fylt med over 2000
roser.
Måleriet
av Hans Sager frå rundt år 1700 syner at hagen var utforma i eit
strengt formalisert parterre. Det var dyrkingsfelt, markerte av kantplanter
og frukttre, og med grusgangar mellom felta. Måleriet syner og den kvitkalka
muren som tidlegare gjekk rundt hagen og avgrensa han mot landskapet utanfor.
I dag er hovudtrekka i utforminga av den gamle renessansehagen intakte, men
det har vore store endringar i planteutvalet gjennom den over 300 år lange
historia til hagen.