Det
er ei stor samling med planter i hagen på Baroniet Rosendal. Plantene
i park- og hageanlegget er ei blanding av viltveksande planteslag og kulturplanter.
Det som her er kalla kulturplanter er slike som er planta eller innført
til hagen. Det er planter som har vore aktivt dyrka, og har kome til over ein
perioden på 350 år. Frå dei eldste frøtingingane frå
1660-åra til i dag.
Det finst planter i hagen som er over 300 år gamle. Buksbomplantene (Buksus
sempervirens) som dannar hekken som i dag avgrensar den gamle renessansehagen
mot vest, er døme på planter som har overlevt i over 300 år.
Den gamle barlinda utanfor portalen er óg frå den fyrste tida.
Blåregnen (Wisteria sinensis) som veks oppetter den sørvendte veggen
på hovudbygningen er kanskje over 200 år gammal.
I anlegget finst
det óg planter som det har vore tradisjon for å dyrke i mange hundre
år. Ved å studera kvitteringane for innkjøp av frø
og gamle rekneskapar frå hagen kan vi sjå kva planter som vart kjøpt
og seld til ulike tider. Ut frå det veit vi til dømes at asparges
(Asparagus officinalis) vart kjøpt inn i 1660-åra og i 1746. Den
vart dyrka i perioden 1850-1900 og er planta i Kjøkken & Urtehaven
i dag. Asparges er med andre ord representert i kvart århundre og har
lang tradisjon. Sjølv om aspargesplanter kan oppnå høg alder,
så har plantene til tider forsvunne frå hagen. Dei som står
i hagen i dag er nyinnkjøpte og dei eldste er 6-7 år gamle, men
dei er mellom dei tradisjonsrike plantene i hageanlegget. Ei anna tradisjonsrik
plante er klosterpeon (Paeonia officinalis). Den finst på frøkvitteringar
frå 1660-åra, i rekneskapane for åra 1746-48 og i kjeldemateriale
frå 1800-talet. I dag er det planta peoner i det som vert kalla 1700-tals
feltet i Kjøkken- & Urtehagen.
Det kan óg finnast fleire planter som vi kan kalla "forvilla renessansehageplanter".
Med uttrykket forvilla er det meint planter som ein gong vart kjøpt inn
til beda i hagen, men som no veks utanfor beda og kanskje til og med utanfor
hagen. Zwiebeln von Martigon (Martagonlilje, Lilium
martagon) er med på kvitteringane til Ludvig Rosenkrantz frå
1667. Martagonlilje ser ut til å ha føresetnader for å klara
seg over lang tid i gamle hageanlegg, og lilja kan ha overlevt i hagen i over
300 år. Ho veks no som forvilla i Hundehaugen og like aust for hovudbygningen.
Dermed er det sannsynleg at martagonliljene som har forvilla seg i hageanlegget,
kan stamma frå dei som Ludvig Rosenkrantz kjøpte. Akeleie (Aquilegia
vulgaris), vadderot (Phyteuma spicatum) og villtulipan (Tulipa sylvestris) er
døme på andre planter som Ludvig Rosenkrantz kan ha kjøpt
inn til renessansehagen, og som har overlevt i vilnisa i utkantar av hagen.
For hagen i dag er dei verdfulle plantegenetiske ressursar.
Ei anna gruppe av planter er dei gamle plenugras plantene. Det er slike som
har kome inn i plen- eller grasfrøblandingar då hagen vart utforma.
Kvitfrytle (Luzula luzuliodes) veks i plenane i hagen og den vart truleg innført
i siste helvta av 1800-talet då det vart kjøpt inn frø til
plenane i den romantiske landskapsparken.
Hagen på Rosendal har vore gjennom ei stor utvikling. Utviklinga har
vore styrt av skiftane hagemote og syn på korleis ein hage skulle sjå
ut. Dessutan dei ulike eigarane sine interesser og ressursar. Vêr og klima
har og vore avgjerande for kva planter som har overlevt eller ikkje. Utvalet
ber preg av ei interesse for å prøva ut planter som normalt ikkje
trivst i vårt klima. På Kart over Rosendals have frå 1893
er det vist både Morbus nigra (svartmorbær), Fersken admirable (fersken),
Abricos St. Ambrosie, Abricos Orange (aprikos) og Mispel, som alle var planta
på sørsida av slottet. Mange av dei varmekjære plantene har
overlevt i lang tid.
Av varmekjære treslag finst valnøtt (Juglans
regia) og ekte kastanje (Castanea sativa).Valnøtt har vore dyrka
samanhengande frå rundt år 1700 og fram til i dag. Det siste av
dei gamle trea, som truleg vaks langs den gamle hagemuren, stod til utpå
1980-talet. Der den gamle valnøttkjempa stod er det no planta eit nytt
valnøttre.