Startside
Slottet fra 1665
Kvinnherad Kyrkje
Husmannsplassen Treo
Vogn & båtutstilling
Hage & Landskap
Kart og veibeskrivelse

Overnatting
Restauranter
Kurs & konferanse
Kulturprogram 2011
Kunstutstillinger

Åpningstider & priser
Rosendalsområdet
For grupper
Spørsmål & svar
Kontakt oss
Fotoalbum
Nedlastbare foredrag
Presseinfo
Rosendalsarkivet
Om stiftelsen
Nettstedskart



Norsk English Deutsch


Rosendal Have

Rosehagen med Malmangernuten 889 m.o.h.Den romantisk landskapsparken

Stilhistorisk representerar Rosendals Have to ulike hovudretningar. Den gamle renessansehagen frå 1660- åra med sitt strenge kvadratiske mønster og den romantiske landskapsparken som vart utvikla 150 år seinare.

Landskapsparken vart utvikla i åra mellom 1850 og 1900.
Parken vart utvikla i fleire steg. Dei ulike delane av parken fekk kvar sin karakter og kvart sitt stemningsuttrykk, frå dei store, opne plenane til det mørke skogkledde området rundt dammane og Tårnhuset. Den bratte skråninga mot aust vart tett tilplanta med bøkeskog. Langs stien vart det lagt inn fine utsynspunkt mot landskapet rundt. Frå utsynspunktet Utsikten er det praktfull sikt mot fjordlandskapet og ved Ja-benken opnar det seg ein storfelt vista mot Hattebergfossen, som på det viset vert ein integrert del av hageanlegget.

Stamhusbesitter Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone (1823-1896) utforma den romantiske landskapsparken. Dette gjorde han i nært samarbeid med den svenske gartnaren Ludvig Lundberg, som han tilsette like før 1850. Hoff-Rosenkrone hadde henta inspirasjon på sin grand tour, ei reise for å sjå og læra. Han var innom mange land, og vitja fleire hageanlegg i Europa.

I motsetnad til den gamle renessansehagen, som var omkransa av ein mur, så er den romantiske parken utan klare grenser. Anlegget skulle sjå fritt og naturleg ut, og utan skarpe skilje gå saman med mark og skog utanfor sjølve parkområdet, skriv professor Magne Malmanger i boka om Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone. Dette romantiske synet på hage og landskap kjem klårt til uttrykk i parken på Rosendal.

Kjelde/ meir informasjon: Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone 1823-1896. Jubileumsbok frå Baroniet Rosendal 1996.

Rosendal Have

Renessansehagen (Rosehagen)

Kjøken- og Urtehagen

Folgefonna Nasjonalpark

Kart over Baroniet Rosendal

Kart over Rosendal Have

 

Baroniet Rosendal
Baroniet Rosendal, Postboks 235, 5486 Rosendal
telefon 53 48 29 99 fax 53 48 29 98
e-post