Den
Røde Sal vart innreia i anledning prins Carl (seinare kong Carl
XV av Sverige-Norge) sitt besøk på Rosendal sommaren 1856.
Den vart prega av nyrokokko med rødt og gull, og veggene vart pryda
av store måleri av kjende kunstnarar frå Nasjonalromantikken
som Hans Gude og Morten Müller.
I Den Røde Sal finst også eit flott Pleyel- flygel frå
1860 som har vorte restaurert til konsertbruk. Baroniet Rosendal har lange
musikktradisjonar, og kjende artistar og komponistar som t.d. Halfdan
Kjerulf og Ole Bull har vitja slottet. Desse musikktradisjonane vert vidareført
gjennom dei mange konertane på Baroniet Rosendal kvar sommar.
Vi er så heldige å få besøk av mange flotte
artistar som held intimkonsertar i Den Røde Sal år etter
år, på same måte som herskapet heldt huskonsertar for
familie og vener i denne salen.
Konsertar og teater i Borggården
Borggården
framstår slik den gjorde i 1665, bortsett frå at den gamle
eikeporten er erstatta med ein vakker smijernsport. Kvar sommar får
Baroniet Rosendal besøk av Theatre Set-Up frå London som
spelar Shakespeare på historiske stader over heile Europa. Historiske
stader vert nytta som kulissar, og det vert lagt vekt på flotte
renessansekostymar. Baroniet Rosendal er den einaste spelestaden i Noreg.
Stykka vert framførte på engelsk, men dyktige skodespelarar
og god akustikk gjer at publikum ikkje har problem å få med
seg dialogane.
Også større konsertar og foredrag vert arrangert i Borggården.
Dersom fare for regn vert det trekt tak over Borggården slik at
publikum får sitja tørt.
Kunstutstillingar i Vinkjellaren
Etablering
av kunstgalleri i slottet sin vinkjellar er ei vidareføring av
tradisjonar og ei interesse for biletkunst som til alle tider har vore
levande på Baroniet Rosendal. Fleire av dei største kunstnarane
på 1800-talet vitja Baroniet Rosendal og Stamherre Marcus Gerhard
Hoff Rosenkrone (1823-1896), som hadde ei stor interesse for samtidskunst.
Dette er ein sterk tradisjon som vi gjerne vil vidareføra.
Sidan galleriet opna i 1990, har vi stort sett kvart år hatt ei
samtidsutstilling på våren og deretter ei større historisk
utstilling på sommaren. Dei historiske kunstutstillingane knyter
seg til kunstnarar som frå før er representert i Baroniet
Rosendals målerisamling eller på andre måtar var knytte
til godset. Til kvar av desse utstillingane har Baroniet Rosendal produsert
omfattande utstillingskatalogar for sal.
Vinkjellaren på 1600- tals slottet er eit særprega kunstutstillingslokale
med dei originale 1600-tals kvelvingane i taket.