Startside
Slottet fra 1665
Kvinnherad Kyrkje
Husmannsplassen Treo
Vogn & båtutstilling
Hage & Landskap
Kart og veibeskrivelse

Overnatting
Restauranter
Kurs & konferanse
Kulturprogram 2011
Kunstutstillinger

Åpningstider & priser
Rosendalsområdet
For grupper
Spørsmål & svar
Kontakt oss
Fotoalbum
Nedlastbare foredrag
Presseinfo
Rosendalsarkivet
Om stiftelsen
Nettstedskart



Norsk English Deutsch


Martagonlilje (Lilium martagon)

Martagonlilje er ei hageplante med lange tradisjonar. Den kan ha vore dyrka her i landet sidan middelalderen, og truleg var den representert i klosterhagane, men dette finst det ikkje sikker kunnskap om.

Zwiebeln von Martigon er med på kvitteringane til Ludvig Rosenkrantz frå 1667. Martagonlilje ser ut til å ha føresetnader for å klara seg over lang tid i gamle hageanlegg, og lilja kan ha overlevt i hagen i over 300 år. Ho veks no som forvilla i Hundehaugen og like aust for hovudbygningen. Dermed er det sannsynleg at martagonliljene som har forvilla seg i hageanlegget, kan stamma frå dei som Ludvig Rosenkrantz kjøpte.

Martagonliljer vart flytta inn i 1700-tals feltet i Kjøkken- & Urtehagen, då den delen av hagen vart rekonstruert. Der står martagonliljene mellom planter som var vanlege i renessansehagen på Rosendal på 16- og 1700 talet, som sverdlilje (Iris pseudacorus), peon, malurt (Artemisia absinthium), abrodd (Artemisia abrotanum), vinrute (Ruta graveolens) og balsam ( ).

Botanisk omtale

Martagonlilja (Lilium martagon) har kransstilte avlange blad på ein stengel som kan vera ein meter høg. Blomen kjem i toppen av stengelen og har hengande raudfiolette eller kvite liljeblomar, der blomeblada krøllar seg oppover. Bladsettinga og forma på blomen er årsaka til at den i tillegg har namna kranslilje eller krølllilje
Martagonlilje høyrer til liljefamilien (Liliaceae).

 

Baroniet Rosendal
Baroniet Rosendal, Postboks 235, 5486 Rosendal
telefon 53 48 29 99 fax 53 48 29 98
e-post