Kvinnherad kyrkje vert kalla Kvinnheradskatedralen avdi ho er ei av dei vakraste
middelalderkyrkjene i Noreg. Ho er bygd i stein kring 1250, og har vore ei av
fire hovudkyrkjer i Hordaland. Dette syner at Rosendal har vore eit rikt og
viktig senter for kristendomen. Alteret i stein har hulrom med plass til relikvier,
eitt av fleire minne frå katolsk tid. Frå 1678 fram til 1910 var
kyrkja eigd av Baroniet Rosendal, som stod for oppussing og dekorering i dette
tidsrommet. Himlinga er strødd med stjerner og andre himmellekamar for
å gje kyrkjelyden ei kjensle av å sitja under Guds himmel. Omlag
1670 vart gravkammeret for Rosenkrantzfamilien bygd, og det er framleis intakt
med vakre sarkofagar.
Altertavla vart måla av Hans Sager i 1705 på oppdrag frå
baron Aksel Rosenkrantz, og syner nattverden, krossfestinga og oppstoda.
Omvisinga tek ca. 20- 30 minuttar. Kyrkja er open for omvising i høgsesongen
for enkeltpersonar, elles for grupper etter avtale.