Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt sitt vesle slott frå 1660-åra
er omgjeven av eit vakkert og historisk hageanlegg med renessansehage, romantisk
landskapspark og kjøkenhage. Frå Rosendals Have er det storfelt
utsyn mot Malmangernuten, Melderskin, Laurdalstind, Hattebergfossen og Hardangerfjorden.
Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilretningar og
motar innanfor hagekunsten. Her kan du oppleva over 300-år med hagehistorie!
Frå
dei fyrste snøklokkene dukkar opp i januar, er det bløming store
delar av året. Våren er vakker med fruktbløming, tulipanar,
påske- og pinseliljer. Tidleg på sommaren kjem den vakre blåregnen
(Wisteria), som dekker sørveggen på slottet med sine vakre blå
blomerankar. I juni blømer rhododendron og asalea i mange ulike fargar.
I juli kjem rosene for fullt og dei blømer til langt utover hausten.
Rosehagen er avgrensa mot vest av ein over 300-år gamal buksbomhekk. Den
er ein rest av innhaldet frå den gamle renessansehagen til Ludvig Rosenkrantz
og Karen Mowatt.
Den praktfulle Rosehagen, med det kvitkalka slottet og fjella i bakgrunnen,
er eit vakkert syn for alle som kjem for å oppleva slottet, hagen og landskapet.