Startside
Slottet fra 1665
Kvinnherad Kyrkje
Husmannsplassen Treo
Vogn & båtutstilling
Hage & Landskap
Kart og veibeskrivelse

Avlsgård & Fruehus
Restauranter
Kurs & konferanse
Kulturopplevelser
Kulturprogrammet
Kunstutstillinger
Kunstkataloger

Åpningstider & priser
Rosendalsområdet
Reisen til Rosendal
For grupper
Spørsmål & svar
Kontakt oss
Fotoalbum
Presseinfo
Rosendalsarkivet
Om stiftelsen
Nettstedskart



Norsk English Deutsch


Baroniet Rosendal og Folgefonna nasjonalpark
- Landskapet og kulturmiljøet

Rosendal og Folgefonna Nasjonalpark. © Foto: Jan Rabben

Kulturmiljøet Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal er del av eit unikt og heilskapleg kulturmiljø som strekkjer seg frå Hardangerfjorden og heilt opp til isbreen Folgefonna. Kulturmiljøet, Baroniet Rosendal, er del av ein mektig natur med fjord, fjell, fonn og fossefall.

Baroniet Rosendal representerar eit rikt bygnings- og kulturmiljø. Det er slottet frå 1660-åra med renessansehagen, den romantiske landskapsparken, Kjøkken & Urtehaven, husmannsplassen Treo, Fruehuset og Rosendal Avlsgård med innmarksareal og beitemark. Ein stor del av kulturmiljøet er freda etter Kulturminnelova.

Rosendal Avlsgård

På Rosendal Avlgård er det aktiv jordbruksdrift med over 200 vinterfora sauer. Gården har omlag 120 dekar fulldyrka mark til grovfôrproduksjon. Sauene beitar i landskapet om våren og om hausten. Dei er med på å hindra gjengroing i lanskapet.

Utmarka til Rosendal Avlsgård ligg i Muradalen og landskapet der er prega av mange hundre år med ressursutnytting i form av beite, stølsdrift, styving og utmarksslått. I Muradalen ligg to stølsbygningar som er ein del av kulturmiljøet Baroniet Rosendal.

Hattebergvassdraget

Baroniet Rosendal ligg innanfor Hattebergvassdraget, som er sikra vernestatus i Verneplan for Vassdrag. I 1993 vedtok Stortinget varig vern mot kraftutbygging. Det pågår likevel eit intenst arbeid for å få til kraftutbygging i vassdraget.

Elva og fossefalla er svært viktige element i landskapet. I Hattebergvassdraget er det mange små fossar og stryk. Svartavassfossen, Ringeriksfossen, Svelgjarhaugfossen og Hattebergfossen er mellom dei største. Hattebergfossen står i ei særstilling, ved at den kan opplevast frå den romantiske landskapsparken. Stamhusbeittar Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone var den som hadde ideane til den romantiske landskapsparken. Parken vart vart utvikla i perioden 1850-1900 og det vart ein romantisk park med ulike stemningsuttrykk og ein park utan klåre grenser. “Anlegget skulle sjå fritt og naturleg ut, og utan skarpe skilje gå saman med mark og skog utanfor sjølve parkområdet,” skriv Professor Magne Malmanger i artikkelen om Marcus Gerhard og parken hans.

Langs vegen opp det bratte Alsbråtet vart det lagt inn fine utsynspunkt til landskapet rundt. Det er den dag i dag utsyn mot fjorden frå Utsikten og frå Ja-benken storfelt utsyn mot Hattebergfossen.

Folgefonna nasjonalpark

Delar av Muradalen er verna som landskapsvernområde og dette verneområdet grensar til nasjonalparken. Vegen som går gjennom Rosendal Have og vidare innover Muradalen er ein viktig og storsfelt innfallsport til Folgefonna Nasjonalpark. Den ville og majestetiske Ringeriksfossen og Sveljarhaugfossen bind den frodige dalen saman med fjellområda innanfor.

Landskapet byr på store kontrastar og variasjonsrikdom. Alle som tar ein skitur over Folgefonna om våren får oppleva denne kontrastrikdomen. Turen frå breen og ned gjennom fjellmassivet, langs den brusande Ringeriksfossen ned til Muradalen, Muradalen med beitemark og edellauskog, og vidare gjennom den romantiske landskapsparken til renessansehagen og slottet frå 1660-åra. Dette byr på eineståande natur- og kulturopplevingar. Nasjonanlparkstatusen er med på å sikra dette for komande generasjonar.

 

 

 

Baroniet Rosendal
Baroniet Rosendal, Postboks 235, 5486 Rosendal
telefon 53 48 29 99 fax 53 48 29 98
e-post